ÅRSMELDING


VENELAGET FOR JÅTTMUSEUM

       

      ÅRSMELDING FOR 2014

 

( perioden 10. mai 2014 – 25. april 2015  )

Styret har vore:       Leiar: Hans Ole Dalland         Varafolk: Anders Bakke

Nestleiar/ sekretær Kjell A. Lunde                              Turid Teigland

Kasserar: Olav Kalgraf                                                  John Johnsen

Årsmøtet for 2013 vart halde 10. mai 2014 i Tysnes bedehus.

Det møtte 10 medlemmer til årsmøtet. I tillegg møtte ordførar Hestad, etter invitasjon frå styret.

Etter  vedtektene skal  leiar, nestleiar/sekretær og kasserar veljast for 2 år, der vekselvis 1 og 2 er på val. Dei andre tillitsvalde skal veljast kvart år. På årsmøtet for 2013 var nestleiar/sekretær og kasserar på val. Dei to vart attvalde. Det same vart dei andre tillitsvalde.

Litt om arbeidet i venelaget.

Som vanleg hadde laget gaider på plass under Tysnesfest.  Tysnes og Onarheim barneskular vitja flytenaustet hausten 2014. Hans Ole var gaid. Etter omvisninga fekk dei som vanleg servering.

Kvart år  vitjar pensjonistlag utstillinga vår. Sommaren 2014 var Hans Ole og Kjell  gaider på desse vitjingane.

Då direktøren ved Bergens Sjøfartsmuseum, Per Kristian Sebak, vitja utstillinga vår i 2013, vart han beden om å koma attende og fortelje om amerikabåtane.

Søndag 5. oktober 2014 kom Sebak til Sundagsakademiet for å halde foredrag om amerikabåtane. Tilskipinga var eit samarbeid mellom bibliotekar Knut Rage i Sundagsakademiet og Jåttlaget.

Sebak heldt eit interessant og engasjert foredrag om Den Norske Amerikalinje, som vart skipa i 1913. I andre halvdel av programmet fortalde m.a.  Ingebjørg Sævertveit om strikking av fanatrøyer for èin rik jåttseglareigar og hans familie. Knut Arne avslutta kvelden med å fortelje om den nye nettside vår, jaattlaget.com/en. Nettsida har vore ei stor og viktig oppgåve for laget å få på plass. Me er glade for den gode hjelpa me har fått av Jarle Petterson.

På Sunndagsakademiet denne kvelden var det  fullt hus, vel 80 personar frå heile Tysnes hadde møtt fram til denne tilskipinga.

Det er skrive 6 artiklar om sjøfolka frå Tysnes, som segla ute under  krigen. Sunnhordland Museum  og Jåttlaget har arkivert desse. To av krigsseglarane, Bjarne Bergesen og Johannes Hjertaker, er også vorten intervjua av Tore Lande Moe ved Sunnhordland Museum. Johannes Hjertaker vart intervjua  17. juni 2014. Dette er me glade for. No er begge desse heidersmennene gått bort. Jåttlaget arbeider med å få på plass fleire artiklar om sjøfolka frå Tysnes som segla ute under krigen.

  1. mai. 2015, Kr. Himmelfartsdag, skal «Statsraad Lehmkuhl» vitje Våge. Det vert ein stor dag for Tysnes. Det var styret i Jåttlaget som fyrst tok kontakt med direktør Anders Lekven i Stiftelsen «Statsraad Lehmkuhl» våren 2014, og fekk lovnad om at skuta skulle kome til Våge 22. juni 2015. Arrangementet vil bli stort, og Tysnes kommune ved ordføraren vart invitert til å vere med. Etter det som no er blitt gjort kjent for Jåttlaget, vert tilskipinga halden utan at venelaget tek del i arrangementet.

Montasjen vår på ferja vert lagt merke til. Me får stadig positive tilbakemeldingar om dette arbeidet.

Venelaget set pris på å vere med på Tysnes kommune sitt budsjett, med  kr. 12.000.- årvisst i 4 år. No går denne perioden snart ut, og nytt kommunestyre skal veljast til hausten. Me får vona at det nye kommunestyret  vil gje oss den same økonmiske tryggleiken som me har hatt i desse 4 åra.

På nettsida vår har  Knut Arne nyss lagt inn soga til venelaget.

Venelaget er eit av sju lag som er med i kommunen si kulturarbeidsgruppe. Representantar frå styret har teke del i i fleire møte i kulturarbeidsgruppa.

Elles har det vore halde styresmøte.

Laget har 44 medlemmer.

 

Tysnes, 20. april 2015

For Venelaget for Jåttmuseum

 

Hans Ole Dalland                          Olav  Kalgraf                            Kjell A. Lunde

 

 

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.