Båtar

"Yankee" til havs i 1935.

«Yankee» til havs i 1935.

Dei norske jåttseglarane var mannskap på båtar av eit lite utval klassar:

J-klassen

Mot slutten av 1920-talet og i 1930-åra utvikla seglsporten seg raskt. Meir kunnskap, betre teknologi og nye materiale gjorde båtane raskare. Segl og rigg utvikla seg, og likna det me ser på moderne seglbåtar i dag. I 1929 vart målereglar for den nye J-klassen utvikla, og båtar rundt 120 fot, med mastehøgd på 50 meter, byrja ta form på teiknebretta.

Det vart avtalt å segla om America’s Cup med denne båttypen sommaren 1930. Kostnadene var store, det var vanskelege tider, men likevel vart det sjøsett fire slike J-båtar i USA våren 1930: ”Enterprise”, ”Yankee”, ”Weetamoe” og ”Whirlwind”.

”Enterprise”, som fyrst vann den amerikanske uttakinga, og deretter vann over engelske ”Shamrock V” i finalen, kosta kring éin million dollar.

J- klassen vart òg nytta i America’s Cup åra 1934 og 1937. ”Rainbow” vart bygd til Cupen i 1934, og vann den amerikanske uttakinga, før båten vann med liten margin over utfordraren ”Endeavour” frå England. ”Ranger” var ny i 1937, og vann det meste ho deltok i dette året, inkludert America’s Cup, der utfordrar var ”Endeavour 2”. ”Ranger” hadde ein genoa (forsegl) på 401 kvadratmeter, og spinakeren var på heile 1672 kvadratmeter.

J- klasse-båtane vart òg nytta i andre seglasar i åra til og med 1937. Eit døme på dette er ”Yankee”, som kryssa Atlanterhavet for å kappsegla i England sommaren 1935.

Mannskap på J-båtar

For å segla ein J-båt på denne tida, trong ein om lag 25 mann. I 1930 er Engel Vaage sailing master (kaptein) på ”Weetamoe”, og om lag ¾ av mannskapet er frå Tysnes.

Gunnar Gjerstad var sailing master på ”Yankee” alle sesongane denne var nytta, og også han har med seg tysnesingar, om ikkje fullt så mange.

Johannes Anderson Malkenes er 1. styrmann på ”Whirlwind”. Med seg har han ei rekkje mannskap frå Tysnes. ”Enterprise”, som vann uttakinga, og seinare vann over ”Schamrock V” i Cupen, hadde truleg berre éin tysnesing mellom mannskapet. I 1934 og 1937 var det nokre få tysnesingar på vinnarbåtane ”Rainbow” og ”Ranger”.

Andre båtar

Også i dette tiåret finn me tysnesingar på mindre segljåttar, som til dømes M-klassen, som er noko mindre enn J-båtane.

Losjiskipa og slepebåtane som fylgde J-båtane under regattaer, trong òg mannskap. Til dette vart òg tysnesingar stundom nytta. Gustav Lunde Malkenes var kaptein på ”Weetamoe” sin slepebåt, ”Magistrate”, i 1930. Han hadde med seg to andre tysnesingar.

J-klassen på 2000-talet

Shamrock V waiting for the wind!Dei amerikanske J-båtane hadde kort levetid, og i 1941 vart dei siste opphogde. I England overlevde ”Shamrock V” (t.h.), ”Endeavour” og den tiande J-båten, ”Velsheda”. Desse har vortne restaurerte og seglar framleis. I tillegg er det bygt nokre kopiar, fleire er under planlegging, og i 2012 vart det arrangert ein større regatta for J-klassen i England.

Du finn meir om dette på: www.jclassyachts.com

”Yankee” i England 1935

I byrjinga av 1930-talet eigde millionæren Gerhard B. Lambert dei kjende skonnertane ”Atlantic” og ”Vanitie”. Han hadde i fleire år nytta Engel Vaage som kaptein på ”Vanitie”, og det ser ut til at dei to hadde eit godt samarbeid.

Etter America’s Cup i 1934, gjekk Lambert med planar om å segla ein sesong i USA. ”Vanitie” var i eldste laget, og difor kjøpte millionæren ”Yankee” til dette formålet. Våren 1935 vart ”Yankee” gjort klar for seglasen over Atlanerhavet. 25. april forlet ”Yankee” og ”Atlantic” Boston, og sette kursen mot England. Under Kaiser’s Cup i 1905 sette ”Atlantic” rekord over Atlanterhavet (12 dagar 4 timar og 1 min), og det var no spanande kven som ville koma fyrst i den uoffisielle regattaen mellom dei to. Teksten held fram under biletet.

Mannskapet om bord på J-båten "Yankee", ved ankomst i Gosport, England i 1935, flesteparten av dei frå Tysnes. "Yankee" deltok i fleire engelske regattaer, men òg i Frankrike.

Mannskapet om bord på J-båten «Yankee», ved ankomst i Gosport, England i 1935, flesteparten av dei frå Tysnes. «Yankee» deltok i fleire engelske regattaer, men òg i Frankrike.

Under overfarten har ”Yankee” eit mannskap på 29. Av desse er 18 frå Tysnes. Gunnar Gjerstad, som har vore kaptein på ”Yankee” sidan denne var ny, er kaptein no òg. Engel Vaage si helse var no noko redusert, og han reiste til England med offentleg transport for å delta i seglasane der. Etter 15 dagar og 17 minutt kjem ”Yankee” til Lizars, England. Det var 17 minutt føre ”Atlantic”. ”Atlantic” sin rekord frå 1905 vart fyrst slegen 75 år seinare.

Frå 6. juni til 28. august deltok ”Yankee” i regattaer ulike stader langs den engelske kysten, der dei konkurrerte mot ”Endeavour”, ”Velsheda”, kong George sin ”Britannia” og fleire andre i klassen dei kalla big boats. Dei segla òg ei veke i Frankrike, og deltok i til saman 32 seglasar. Då det stod att éin seglas den sesongen, hadde ”Yankee” vunne åtte, ”Endeavour” hadde vunne ni. I siste seglas leia ”Yankee” ved første runding, men masta brotna då båten runda eit merke, og dei måtte bryta løpet.

Lambert vurderte å segla éin sesong til i England, men dette vart det ikkje noko av. I april 1936 segla «Yankee» til USA. No var Ole Gundersen Teigland kaptein. Det vart uvêr og returen vart dramatisk, men etter 22 dagar kom alle vel fram til Boston.

Yankee” var den einaste av dei amerikanske J-båtane som segla i England. Då ”Yankee” vart opphoggen i 1941, gav Lambert pengane han fekk for skrapet til den engelske dronninga. Ho gav pengane vidare til det som var London Hospital.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.