Referat frå årsmøte 2015


 VENELAGET FOR JÅTTMUSEUM

Referat frå årsmøtet 25. april 2015 i Tysnes bedehus

 

Det møtte 5 medlemmer til årsmøtet.

 

  1. Opning

Leiar i laget, Hans Ole Dalland, ønskte velkomen.

  1. Val av møteleiar og referent

Hans Ole vart vald til møteleiar, og Kjell A. Lunde vart vald til referent.

  1. Godkjenning av innkalling og saklista.

Det var ingen merknader til innkallinga. Saklista vart deretter godkjend.

  1. Årsmelding

Kjell las årsmeldinga.

Det var ingen merknader til årsmeldinga.|

  1. Rekneskap

Olav Kalgraf gjorde greie for rekneskapen. Rekneskapen viser eit underskot på  kr.7.882.73 Hovudårsaka til det store underskotet er m.a. kjøp av internetteneste.

6.Val

Styret i jåttlaget har vore

Leiar: Hans Ole Dalland                   Varafolk:  Anders Bakke

Nestleiar/sekretær Kjell A. Lunde                     Turid Teigland

Kasserar: Olav Kalgraf                                      John Johnsen

 

Etter vedtektene skal leiar, nestleiar/sekretær og kasserar veljast for 2 år, der vekselvis 1 og 2 er på val.

På årsmøtet var leiar og varafolket på val.

Då  representantar frå valnemnda ikkje  kunne møte, las Kjell opp valnemnda si innstilling.  Valnemnda gjorde framlegg om attval. Årsmøtet slutta seg til valnemnda si innstilling.

  1. Ymse – Innkomne forslag.

Hans Ole opplyste at det ikkje var kome inn forslag til styret.

Ymse

Olav Skjellevik opplyste at det var mogeleg for laget vårt å søkje Tysnes Folkeakademi om støtte til ymse arrangement. Laget kunne henvende seg til Grete Barmen.

Olav sa at det er sers viktig å ta vare på soga om krigsseglarne, som no kan gå tapt. Han arbeidde med  ei slik sak.

Hans Ole kunne fortelje at han hadde sendt brev til Kongehuset med invitasjon og ønskje om at Kongen skal vitje Jåttseglarutstillinga. Han hadde også lagt ved brosjyrar. I svarbrevet dagsett 23.02.2015 skriv Kongehuset at dei ikkje har planar om å vitje Vestlandet i utstillingsperioden. Dersom det vert aktuelt, vil dei kome attende til saka.

Semje om at det med jevne mellomrom vert lagt inn bilete på nettsida vår for å auke intersessa for jåttlaget.

Vidare vart Olav Skjellevik oppmoda om å skanne bilete frå boka om Ørkenen Sur. Boka handler om den norske  uteliggerkolonien i Brooklyn.  Det er viktig å vise fleire sider av livet i Amerika. Kjell har fått lov av ein av forfattarane, Roger Kvarsvik, til å skanne desse bileta til bruk for jåttlaget.

Os, 19.05.2015

 

Kjell A. Lunde|

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.