Historia

Mannskapet om bord på J-båten "Yankee" i Gosport, England i 1935, flesteparten av dei frå Tysnes. "Yankee" deltok i fleire engelske regattaer, men òg i Frankrike.

Mannskapet om bord på J-båten «Yankee», ved ankomst i Gosport, England i 1935, flesteparten av dei frå Tysnes. «Yankee» deltok i fleire engelske regattaer, men òg i Frankrike.

Denne nettstaden fortel soga om tysnesingar som utvandra til USA, og vart profesjonelle mannskap på amerikanske kapp- og turseglbåtar, i tida mellom 1900 og 1940.

I USA kom dei fyrste foreiningane for kappsegling kring midten av 1800-talet. Sporten vart etter kvart populær, særleg langs austkysten. Rike amerikanarar skaffa seg segljåttar, og trong mannskap som kunne klargjera, vedlikehalda og segla båtane. Det å vinna America’s Cup, var det største av alt for desse rike eigarane, som satsa mykje prestisje og store pengesummar på dette.

Langvegsfarande pendling

Ordet «jått» er den lokale varianten av engelske «yacht», og vaks fram fordi mange frå Tysnes fekk hyre på desse båtane i tida 1900–1940. Somme hadde seglsport som yrke i heile sitt vaksne liv, medan andre segla nokre sesongar, og var elles sysselsette i anna arbeid. Mange tysnesingar tok del i dette.

I Tysnessoga band 2 står det at kring 250 tysnesingar hadde fast arbeid i den amerikanske yachtflåten i 1930-åra. Dei fleste var frå bygdene på nordsida av Tysnesøya, frå Malkenes i aust til Våge i vest, men òg andre bygdelag var representerte. Ein del av desse var fastbuande på Tysnes. Dei segla i USA sommarhalvåret, og returnerte til Noreg når sesongen var over, om hausten. Andre busette seg i USA for godt eller returnerte til Noreg når dei gav seg med seglinga.

Nordlandsfarten si viktige rolle

Tysnes var på 1800-talet eit vanleg vestnorsk øysamfunn. Gardsdrift, fiske og sjøfart var hovudnæringar. Båten var viktig for folka som budde her, og den vart ein naturleg del av livet. Ut etter 1800-talet auka etterspurnaden etter større fartøy til frakt av varer langs kysten. Særleg nordlansdfarten spela ei viktig rolle. Nord-Noreg hadde fisk som skulle transporterast til Bergen, og varer skulle transporterast nordover.

Mange tysnesingar investerte i fraktefartøy. Jekter, og galeasar vart eit vanleg syn på fjorden og i hamnene kring Tysnes, som elles i distriktet. Hardangerjakta vart etter kvart dominerande, og på slutten av 1800-talet var mange sysselsette i dette arbeidet i periodar av året. I 1893 var 64 større fartøy registrerte på Tysnes, og gav arbeid til 315 mann. Ei rekkje unge gutar, heilt ned i 14-årsalderen, mønstra på og lærte seg sjømannskap langs den vêrharde norske kysten. Ei erfaring dei skulle få god nytte av då dei seinare utvandra til USA.

Hardangerjakta sin glansperiode gjekk mot slutten, samstundes som folketalet auka. I 1900 var dette 4667. Det kunne vera vanskeleg å få seg anna arbeid, og folk frå Tysnes gjorde som mange andre, dei reiste til USA.

Rekruttering

På slutten av 1800-talet hadde seglsporten vorte populær langs austkysten av USA. Etterspurnaden etter mannskap som kunne vedlikehalda og segla luksusjåttar i alle storleikar auka. Eigarane nytta ofte mannskap frå Skandinavia til å segla båtane for seg i denne tida, anten det var regattasegling eller tursegling.

Engel Vaage (1875–1944) var den fyrste frå Tysnes som vart hyrt inn som mannskap på segljåttar kring år 1900. Etter han kom det fleire. Dei steig i gradene, og fekk etter kvart stillingar som styrmenn og kapteinar eller sailing master, som det vart kalla. Desse kunne i neste omgang påverka val av mannskap, og dette er nok årsaka til at så mange frå ein liten kommune i Noreg fekk seglsport som leveveg i tiåra fram til 1940.

Hald peikaren over «Historia» i menyen oppe til venstre, for fleire underval (menyen nedst på sida byr kun på hovudsidene).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *