Nordmenn kjem med i America’s Cup

Arbeid ombord på J- båten “Ranger”.

Arbeid ombord på J- båten “Ranger”.

Det har aldri delteke nokon norsk båt i America’s Cup, men mange amerikanske båtar har hatt eit fleirtal av nordmenn ombord som mannskap. Norske sjøfolk har dermed spela ei svært viktig rolle i denne regattaen.

Utover 1870- og 1880-talet vart nemleg mange skandinavar, med stor overvekt av nordmenn, hyrte som kapteinar, styrmenn og mannskap på dei amerikanske båtane. Gjennom gode prestasjonar fekk dei frå 1893 til 1937, altså i nesten 50 år, høve til å spela hovudrolla i kampen om det største innan seglsporten: America’s Cup. Faktisk finn ein dømer på nordmenn i America’s Cup heilt fram til 1974.

Kjelde: www.norwegiansteam.com

Profesjonelt mannskap frå Noreg var vanleg også på slutten av 1800-talet, før tysnesingane kom på banen. Den store representasjonen av nordmenn innafor sporten førte til at dei fekk tilnamnet The Norwegian Steam. Stader som Horten, Arendal, Egersund, Karmøy, Bergen, Tysnes og Bømlo var representerte.

I bøker om emnet, er mannskapa sjeldan nemnde, men om dei vert nemnt, vert stundom omgrepet The Scandinavian crew nytta. Også ut etter 1900-talet deltok nordmenn frå fleire kommunar. Det var særleg dei siste tiåra fram mot Andre verdskrigen mannskap frå Tysnes auka i tal, og det er desse denne nettstaden handlar om. Krigen sette ein stoppar for denne epoken, og etter krigen var det berre nokre få tysnesingar som heldt fram med profesjonell segling i Amerika.

America's cup defender Resolute

Forsvararen av America’s cup i 1920, «Resolute». (Photo credit: Boston Public Library)

Mykje pengar og prestisje har vore knytt til denne tevlinga. Slik er det framleis. Me kjenner til at det deltok nordmenn i Cupen i siste del av 1800-talet. Fyrste gong me er sikre på at tysnesingar var involverte i America’s Cup, er i 1914. Engel Vaage var 1. styrmann på ”Resolute”, som vann uttakingsseglasane i forkant av Cupen. Storparten av mannskapa, på om lag 30, kom frå Noreg, ni av desse frå Tysnes. Motstandarar i uttakingseglasane var ”Vanitie” og ”Defiance”.

Like før ”Resolute” skulle segla sjølve Cupen mot utfordaren ”Shamrock IV”, eigd av tekongen Sir Thomas Lipton, braut Første verdskrigen ut, og Cupen vart utsett.

Krigen tok slutt, og i 1920 stilte ”Shamrock IV” og ”Resolute” til start. ”Resolute” vann, og den evigvandrande pokalen vart verande i USA. Gunnar Gjerstad, som etter kvart fekk ein leiande posisjon i amerikansk seglsport, var no 2. styrmann.

(Mannskapsliste «Resolute» 1920)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.