HISTORIKK – JÅTTSEGLARUTSTILLINGA

Ordførar Helge Hauge opna Jåttseglarutstillinga 26. juni 2010

Ordførar Helge Hauge opna Jåttseglarutstillinga 26. juni 2010

«Tysnes sitt tilhøve til USA er makalaust, eg har ikkje kjennskap til noko liknande frå andre bygdar» Dette uttaler forfattar og lokalhisorikar Johannes Heggland til Bergens Tidende i eit intervju av 30. april 1987. Johannes Heggland fortalde til journalisten om tysnesingar, som så å seie hadde ein fot på kvart kontinent. I sommarhalvåret segla dei regatta om bord på amerikanske jåttar, om vinteren var mange av dei heime på Tysnes. I mange heimar rundt om på Tysnes heng det jåttbilete, som fortel om denne stordomstida. Og mange norskamerikanarar har fortalt om dei stor seilasane, og om America`s Cup. Men dei fleste heime på Tysnes har berre fått med seg  brotstykke av denne soga. Den store samanhengen har mangla.

I juni 2001 vart Jåttseglarutstillinga på Årbakka opna. Bak utstillinga sto  Kjell Magnus Økland og Knut Arne Grøteide. Desse to hadde lagt ned eit stort arbeid med å samle inn bilete og stoff om jåttseglinga. Dei hadde intervjua jåtseglarar, og dei hadde site på Statsarkivet og leita fram mannskapslister og anna stoff,  m.a. frå Nordisk Tidende. Utstillinga var populær. I utstillingsteksten skriv dei to: «Ei utstilling, javel, men skjer det noko meir?» – og vidare: « Det endelege målet vårt er å laga ein samla presentasjon av så mykje som råd av materialet, men det vil ta tid. Me ber difor om at folk har tolmod med oss.» Kjell A. Lunde spurde fleire gongar om dei to kunne halde fram med dette arbeidet. Men dei fann ikkje  tid til dette.

I 2008 kom Tron Bach til Tysnes, og byrja i den nyoppretta stillinga som samfunnsutviklar. Han gjekk ut og annonserte at –  dersom  det  var nokon som hadde idear for Tysnes, så måtte dei ta kontakt. Tron  Bach var mannen som sto bak etableringa av Rallarmuseet på Finse. Kjell A.Lunde ringte til Tron Bach, og det vart avtalt  å møte han om bord i Tron Bach sin båt, som låg ved Uggdalseidet. Kjell A. Lunde fortalde om Jåttseglarutstillinga på Årbakka, og la deretter fram det han hadde av skriftleg materiale, og bilete av fleire jåttar. Tron Bach sat lenge og las. Så ropa han høgt: «Dere har en story – som ingen andre har.»

Tron Bach om bord på båten sin ved Uggdalseidet i mars 2008

Tron Bach om bord på båten sin ved Uggdalseidet i mars 2008

No tok ballen til å rulle. Først hadde Tron Bach og Kjell A.Lunde  eit møte med Kjell Magnus Økland og Knut Arne Grøteide, med spørsmål om dei ville stå i brodden for skiping av eit jåttseglarmusum. Tron Bach ba Kjell A.Lunde kalla inn til skipingsmøte. 3. februar 2009 vart  venelaget skipa på eit møte i Kommunehuset. Det vart valt eit interimsstyre for å arbeide vidare med prosjektet. Med Tron Bach i førarsetet, vart det arbeidd iherdig med å få realisert draumen vår. Men det synte seg ikkje å vera lett. Me fekk vanskar med å få lokale til utstillinga, og økonomiske musklar hadde me ikkje. Det gode opplegget som Tron Bach hadde utarbeidd, hadde me ikkje mogelegheit til å gå vidare med.  Styret i jåttlaget vart då samd med Tysnes kommune og Sunnhordland Museum om å leggje lista lågare. 18. desember 2009 vart det halde eit avgjerande møte på ordførar Helge Hauge sitt kontor. Her møtte også representantar frå Hordaland fylkeskommune, Fylkeskonservatoren og Sunnhordland Museum. På førehand hadde Sunnhordland Museum kvalitetsikra styret sitt opplegg for Jåttseglarutstillinga.

No kom Tysnes kommune og Våge hamn på bana. Dei tilbaud oss lokale og samarbeid i flytenaustet. Med god hjelp av Sunnhordland Museum – og mykje friviljugt arbeid, fekk me på plass jåttseglarutstillinga.  Jåttseglartstillinga byggjer i stor grad  på utstillinga på  Årbakka i 2001. I  arbeidet med utstillinga fekk me uvurderleg hjelp av Knut Arne Grøteide. Dei gode bileta kan me takka Olav Skjellevik for.

I eit arrangement i gjestehamna 26. juni 2010, vart jåttseglarutstillinga høgtideleg opna av ordførar Helge Hauge. Utstillinga har seinare vore open kvar sommar. Jåttseglarutstillinga i flytenaustet  finn ein ikkje maken til nokon annan stad i Noreg.

Hausten 2011 fekk me montert montasje om jåttseglarane i den eine salongen på ferja «Selbjørnsfjord» Sommaren 2013 fekk me utarbeidd faldar om jåttseglarane, og sommaren 2014 fekk me på plass nettsida.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.