Den norske bakgrunnen

Bilete frå Våge 1925. Dei fleste jåttseglarane kom frå Våge, Lunde og Reksteren

Bilete frå Våge 1925. Dei fleste jåttseglarane kom frå Våge, Lunde og Reksteren

Dei norske sjøfolka kom gjerne frå visse stader langs Sør- og Vestlandskysten: Horten, Arendal, Egersund, Stavanger, Karmøy, Bømlo og Tysnes. Årsakene til dette er samansett.

Tysnes within Hordaland

Tysnes og Hordaland for øvrig. (Photo credit: Wikipedia)

For det fyrste må det vera godt grunnlag for å «utdanna» sjøfolk på heimstaden. Dette grunnlaget kjem via maritim aktivtet i mindre båtar, der sjømannskap vert overført til gutungane alt i ung alder.

For det andre må det vera grunnlag for å utvandra til Amerika, altså ikkje altfor gode økonomiske utsikter for sjøfolk på heimstaden. Ofte har motoriseringa gjort ein del av mannskapa overflødige, i til dømes fisket eller fraktenæringa.

For det tredje må det finnast nokon som får ein fot innanfor amerikansk kappsegling. Her er det ofte individa som utmerkjer seg og får høve til å avansera.

Med nokre nordmenn på innsida av systemet, opnar det seg dermed ein ny og spanande arbeidsmarknad for andre nordmenn, som er på rett stad til rett tid, og med den rette kompetansen.

Kjelde: www.norwegiansteam.com

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.