Jåttutstillinga

Jåttutstillilng i flytenaustet

Utstillinga i flytenaustet i Våge på Tysnes vart opna med eit arrangement i gjestehamna i juni 2010, og har om somrane seinare vore godt besøkt.

Utstillinga viser soga om tysnesingar som utvandra til USA og vart profesjonelle mannskap på amerikanske kapp- og turseglbåtar i tida mellom 1900 og 1940.

Utstillinga syner berre ein liten del av den spanande historia om jåttseglarane, og er laga av Venelaget for Jåttutstillinga, i samarbeid med Sunnhordland Museum, og byggjer hovudsakleg på informasjon samla inn av Kjell Magnus Økland og Knut Arne Grøteide, til ei utstilling dei laga, og som vart vist på Årbakka sommaren 2001.

Venelaget ynskjer å halda fram med å samla inn gjenstander, bilete og historier. Til det treng me all hjelp me kan få av publikum i det vidare arbeidet. Skriv gjerne namn og telefonnummer i utstillinga si gjestebok, eller gå til kontaktsida her, så tek me kontakt.

Skrive i gjesteboka om utstillinga i flytenaustet:

Imponerende samling – resultat av et stort arbeid. Interessant og lærerikt å se detaljer fra The Norwegian Steam-eventyret. Utstillingen er inspirasjon til NSFs Norsteam-prosjekt.

— Peter L. Larsen, president i Norges Seilforbund (august 2010)

Meget imponerende utstilling.

— Arne Emil Christensen, m.a. ansvarleg for Vikingskipmuseet på Bygdøy i perioden 1990–2006

Flott museum og spennende historie!

— Seilmaker Peter Høeg, Drammen

One thought on “Jåttutstillinga

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.