
Venelaget for jåttseglarane og Sunnhordland mueseum har eit godt samarbeid. Frå venstre: Kjell A. Lunde (Venelaget), konservator Per Øyvind Østensen, dagleg leiar Jane C. Særsten Jünger, museumsrådgjevar Trine Kyvik og Hans Ole Dalland (Venelaget).
Venelaget for jåttseglarane frå Tysnes hadde i sommar besøk av tilsette ved Sunnhordland museum. For Venelaget har museet heilt sidan laget vart skipa i 2009 vore ein viktig samarbeidspartnar. Museet er fagleg rådgjevar og har med sin kompetanse m. a. gjeve god hjelp under oppbygginga av utstillinga i flytenaustet i Våge. Den har mange sunnhordlendingar sett etter opninga i 2010.
Den gode kontakten med museet vert viktig også i framtida. Difor var besøket i sommar ei nyttig oppfølging av samarbeidet med tanke på vidare utvikling og drift.
Plassmangel
Representantar frå Venelaget møtte museumsfolka på Halhjem. Under ferjeturen med M/F “Selbjørnsfjord” til Våge fekk dei sjå montasjen om jåttseglarane i den eine salongen på ferja. Den hadde dei ikkje sett tidlegare. I flytenaustet fekk dei sjå utstillinga. Der kunne dei registrera at det er plassmangel når utstillinga, kiosken og turistinformasjonen skal dela plass, noko som ein må finna ei betre løysing på til neste sommar.
Digitalisera
Før delegasjonen frå museet reiste tilbake til byen Stord, vart Venelaget og museet sitt samarbeid og planar vidare diskutert. Ved museet har dei no fått ein utvida ressurs, som kommunane i Sunnhordland skal få nytte av. Dette er noko Venelaget vil få glede av i og med at éin av dei tilsette ved museet skal digitalisera artiklar, reportasjar og anna skriftleg materiell som Venelaget disponerer. Dette vil i neste omgang verta tilført Venelaget si nettside (jaattlaget.com/en).
Kjell Magnes tre artikler om Norwegian Steam er kun på norsk. Noen sjanse for at Jåttlaget kan bidra til å få den over på engelsk til Americas Cup 2017? Det samme gjelder hans gode utkast til film om samme tema, den bør ferdigstilles til AC 2017!
Har dere vært i kontakt med Hordamuseet rundt en utstilling om Lystseilas i gamledager her vest ??
mvh
Jan-Erik Sverre