Referat frå årsmøtet 24. mai 2017 i Tysnes bedehus


Årsmøtedeltakarane

 

 

 

 

 

 

 

 

Referat frå årsmøte 24. mai 2017 i Tysnes bedehus

Det møtte 8 medlemmer til årsmøtet.

1. Opning.

Leiar, Hans Ole Dalland, ønskte dei frammøtte velkomen til årsmøtet. Medlemmene song deretter Jåttsongen. Teksten er av Anders Bakke med melodi av Kolbjørn Tvedt.

2. Val av møteleiar og referent.

Hans Ole vart vald til møtleiar og Kjell A. Lunde til referent.

3. Godkjenning av innkallinga og saklista.

Ingen hadde merknader til innkallinga. Saklista vart deretter godkjend.

4. Årsmelding.

Kjell las årsmeldinga.

Det var ingen merknader til årsmeldinga.

Anders spurde om laget har planar om fleire vitjingar for å fortelje om jåttseglinga i Amerika. Kanskje burde Jåttlaget vitje Bergens Sjøfartsmuseum, meinte han. Kjell fortalde at direktør Per Kristian Sebak hadde nemnt dette for han då Jåttlaget hadde eit monter på museet i 2013. Sebak sa då at at laget burde ta dokker og andre gjenstander med, og fortelje om den spesielle soga i Bergen. Den gongen vart det ikkje noko av ei slik vitjing. Styret vil ta dette opp med Sjøfartsmuseet og spørja om det er aktuelt med eit besøk av Venelaget.

5. Rekneskap.

Olav Kalgraf gjorde greie for rekneskapen. Rekneskapen viser eit overskot på kr. 6.572.86 mot kr. 7.990.- i 2015.

Det var ikkje merknader til rekneskapen.

6. Val

Styret i Jåttlaget har vore: Leiar Hans Ole Dalland Varafolk: Anders Bakke

Nestleiar/sekretær Kjell A. Lunde Turid Teigland

Kasserar Olav Kalgraf John Johnsen

Revisor: Egil Lande. Valnemnd: Hans- Eivind Lande og Lars Petter Epland

Etter vedtektektene skal leiar, nestleiar/ sekretær og kasserar veljast for 2 år, der vekselvis 1 og 2 er på val.

På årsmøtet var leiar og varafolket på val.

Hans-Eivind Lande las valnemnda si innstilling. Revisor Egil Lande hadde sagt frå seg attval. Som ny revisor hadde valnemda gjort framlegg om Ingebjørg Hatteberg. Ingebjørg Hatteberg vart valt. Leiar og det øvrige varafolket vart deretter attvalde.

Egil vart takka av leiaren for innsatsen som revisor i laget. og fekk velfortent applaus av årsmøtet.

7. Eventuelt – innkomne forslag.

Leiaren opplyste at det ikkje var kome inn forslag til styret.

Leiaen gav deretter ordet fritt.

Olav tok opp drifta i Flytenaustet. Han skal møte Patrick frå Mandelhuset på tysdag 30. mai. Dei vil arbeide for å få til ei tilfredstillande løysing, som begge partar vert nøgde med. Olav nemde at avtalen som Våge havn har hatt med Karl Åge Tvedt, har vore uklår. Våge hamn har no kjøpt Flytenaustet. Olav tok opp spørsmålet om Jåttlaget bør kjøpe seg inn i Flytenaustet, for å sikre framtidig drift av laget. Det vart ein del diskusjon om saka, som enda med at styret skal legge hussaka fram på årsmøtet i 2018/ eventuelt på eit ekstraordinært årsmøte.

Olav meinte at medlemmene bør betale kontigent for å vere medlem i Jåttlaget. Saka vart drøfta, og det vart semje om at styret skal legge fram ei innstilling i saka til årsmøtet i 2018, som då vil avgjere saka.

Sekretæren vart beden om å legge fram ei oppdatert medlemsliste til årsmøtet.

Tysnes skal få ny ferje. Montasjen vår på ferja vart drøfta, utan at det vart gjort noko vedtak.

For Venelaget vil det vera aktuelt å få montasjen inn i den nye ferja.

Leiar Hans Ole har fått e- post dagsett 21. mai d.å. frå Corradi i New York Yacht Club.

Det framgår av brevet at det framleis kan vere aktuelt å bidra med materiell til utstillinga i New York Club House vinteren mellom 2018 og 2019.

Os, 30. mai 2017

Kjell A. Lunde

sekretær

Yankee

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *