Kategori: Jåttlaget
-
Godt samarbeid med Sunnhordland museum
Venelaget for jåttseglarane frå Tysnes hadde i sommar besøk av tilsette ved Sunnhordland museum. For Venelaget har museet heilt sidan laget vart skipa i 2009 vore ein viktig samarbeidspartnar. Museet er fagleg rådgjevar og har med sin kompetanse m. a. gjeve god hjelp under oppbygginga av utstillinga i flytenaustet i Våge. Den har mange sunnhordlendingar…
-
Referat frå årsmøte 2016
Referat frå årsmøtet 16. april 2016 i Tysnes bedehus Det møtte 8 medlemmer til årsmøtet. 1. Opning. Leiar i venelaget, Hans Ole Dalland, ønskte medlemmene velkomen til årsmøtet.Som vanleg song dei frammøtte Jåttsongen. Teksten er av Anders Bakke med melodi av Kolbjørn Tvedt. 2. Val av møteleiar og referent.Hans Ole vart vald til møteleiar, og…
-
New York Yacht Club ser til Tysnes
Venelaget for jåttseglarane har fått ein spennande kontakt med det mest eksklusive seglarmiljøet i USA. Denne interessante kontakten er eit resultat av ekteparet Øyvind og Inger Straume Epland sitt besøk i New York Yacht Club under deira 14 dagar lange rundtur i USA i oktober. Under opphaldet var dei tre dagar i New York. Kjærkomne…
-
Skulebesøk i flytenaustet
Sesongen i flytenaustet er over, men før utstillinga blir vinterlagra, har alle 6. klassingane i kommunen fått omvising i utstillingslokalet og har fått læra litt om alle tysnesingane som var jåttseglarar i USA. Dette er eit tilbod som Venelaget gjev til dette klassesteget kvart år like etter at nytt skuleår har byrja. I år er…
-
ÅRSMELDING
VENELAGET FOR JÅTTMUSEUM ÅRSMELDING FOR 2014 ( perioden 10. mai 2014 – 25. april 2015 ) Styret har vore: Leiar: Hans Ole Dalland Varafolk: Anders Bakke Nestleiar/ sekretær Kjell A. Lunde Turid Teigland Kasserar: Olav Kalgraf…
-
Avslutta sesong for “jåttseglarane”
Turistsesongen er for lengst avslutta for i år, og det er stilt i flytenaustet i Våge. Der er òg sesongen for jåttutstillinga avslutta. No er både bilete, dei tre “jåttseglarane” (dokkene), båtmodellane og anna som ikkje har godt av fukt gjennom vinterhalvåret nyleg flytta til eit godt lagringsrom ein annan stad i bygda. I juni…
-
Populært Sundagsakademi
Det var fullsett i biblioteket i Tysneshallen sist sundag. Vel 80 personar frå heile Tysnes møtte fram for å få med seg programmet i Sundagsakademiet, som denne gonen hadde eit maritimt innhald. Førsteamanuensis Per Kristian Sebak ved Bergen Sjøfartsmuseum hadde fyrste del av programmet, der han heldt eit interessant foredrag om Den norske Amerikalinje. I…
-
Elevar på jåttutstilling
Alle 6. klassingar på Tysnes har tidlegare i september vore i flytenaustet i Våge og sett jåttutstillinga. Dette er eit tilbod Venelaget for jåttseglarane har gjeve 6. klassingane dei seinaste åra like etter at nytt skuleår har starta. Både Venelaget og Sunnhordland museum meiner det er viktig å formidla denne kunnskapen om dei mange tysnesingene si…
-
Jåttutstillinga er på plass i flytenaustet.
Etter vinterlagringa i eit tørt rom ein anna stad i bygda er både bileta, dei tre «jåttseglarane» i fullt utstyr, modellane av «Rainbow», jakta «Anna Maria», oselvaren og alt det andre no stilt ut, slik det har vore dei tidlegare sesongane. Mange har allereie sett utstillinga, og Venelaget for jåttseglarane veit om grupper som vil…
-
Engelsk nettstad på plass!
Etter nokre månaders førebuingar, og få veker etter lansering av nettstaden, har Jåttlaget gleda av å lansera den engelske utgåva offisielt, sjølv om somme nok har hatt kjennskap til ho i nokre dagar. Det er ei kjend sak at mange av jåttseglarane sine etterkommarar bur på den andre sida av Atlanteren, og ikkje lenger meistrar…