Jåttkveld på Moster


 

Representantar for Venelaget for jåttseglarane frå Tysnes har nyleg vore gjester hos Bømlo Sjømannsforening.

I fjor haust var Venelaget invitert til medlemskveld i Stord maritime museum for å fortelja og visa bilete om tysnesingane som var jåttseglarar i USA i perioden 1900-1940. Der var det mange frammøtte.

Denne kvelden og elles det som Venelaget driv med  var nok bakgrunnen for at Bømlo Sjømannsforening ynskte å ha eit liknande opplegg for å få meir kunnskap om dette emnet. Bømlo Sjømannsforening  har kring 100 medlemer og har møte éin gong kvar månad.

Då Venelaget fekk invitasjonen, vart det frå sjømannsforeininga gjeve uttrykk for at dei hadde høyrt mykje positivt om Venelaget sitt arbeid.

Venelaget fekk ei flott mottaking og hadde ein triveleg kveld saman med vel 50 frammøtte sjømenn, som synte stor interesse for det dei fekk høyra og sjå i festlokala til Moster gamle skule. Emnet vart nok ekstra interessant i og med at fleire bømlingar også var aktive i amerikansk seglsport saman med tysnesingane. I løpet av kvelden fekk  Venelaget nye opplysningar om bømlingar som var knytte til  jåttseglinga.

Den lydhøyre gjengen i sjømannsforeininga tok som nemnt vel imot Venelaget sine representantar og delte ut både bokgåve og blomsterbukettar. I tillegg serverte dei ekte sjømannskost med bønner og bacon.

 

Bilettekstar: Triveleg kveld for Venelaget i Bømlo Sjømannsforening. Frå venstre:Kjell. A. Lunde. Ingvald Ingvaldsen (leiar i sjømannsforeininga), Hans Ole Dalland og Knut Arne Grøteide.

Bilettekstar:
Triveleg kveld for Venelaget i Bømlo Sjømannsforening. Frå venstre:Kjell. A. Lunde. Ingvald Ingvaldsen (leiar i sjømannsforeininga), Hans Ole Dalland og Knut Arne Grøteide.

Stort frammøte av sjøfolk frå heile Bømlo under medlemskvelden.

Stort frammøte av sjøfolk frå heile Bømlo under medlemskvelden.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *