Kategori: Jåttlaget
-
Jåttutstillinga i USA
I samband med New York Yacht Club sitt 175-årsjubileum i 2019 blei Venelaget for Tysnes Jåttmuseum spurd om å bidra med aktuelle objekt frå Jåttutstillinga på Tysnes. Utstillingsobjekta, saman med ein utstillings-vegg og Norwegian Steam-videoen (under) var tilgjengeleg for amerikansk publikum gjennom heile året. Dei fleste av objekta kan no sjåast i Jåttutstillinga i Uggdal.
-
Jåttseglarane til M/F «Kommandøren»
Montasjen om jåttseglarane frå Tysnes er no borte frå salongen i M/F «Selbjørnsfjord». Dei som har reist med ferja den seinaste tida har truleg registrert at veggen med denne montasjen er tom. Tysdag 10. desember vart nemleg montasjen teken ned av medlemer i Venelaget for jåttseglarane. Fram til M/F «Kommandøren» kjem i drift frå årsskiftet,…
-
Skuletime i flytenaustet
Kvar haust får 6. klassingane koma til flytenaustet i Våge og læra om dei mange tysnesingane som var jåttseglarar i USA i perioden 1900-1940. Venelaget for jåttseglarane synest det er viktig at dei som er unge i dag får litt kunnskap om dette spennande kapittelet i Tysnes si nyare soge. No har dei som går…
-
Referat frå årsmøtet 24. mai 2017 i Tysnes bedehus
Referat frå årsmøte 24. mai 2017 i Tysnes bedehus Det møtte 8 medlemmer til årsmøtet. 1. Opning. Leiar, Hans Ole Dalland, ønskte dei frammøtte velkomen til årsmøtet. Medlemmene song deretter Jåttsongen. Teksten er av Anders Bakke med melodi av Kolbjørn Tvedt. 2. Val av møteleiar og referent. Hans Ole vart vald til møtleiar og Kjell…
-
Skulebesøk i flytenaustet
I årsmeldinga til Venelaget no i mai blir det m. a. nemnt at alle 6. klassingane på Tysnes også i fjor haust fekk ein «skuletime» i Flytenaustet. Også denne hausten vart 6. klassingane på Tysnes inviterte til omvising i flytenaustet. Som tidlegare år synte elevane og lærarane god interesse for utstillinga om jåttseglarane. Fleire av…
-
Jåttkveld på Moster
Representantar for Venelaget for jåttseglarane frå Tysnes har nyleg vore gjester hos Bømlo Sjømannsforening. I fjor haust var Venelaget invitert til medlemskveld i Stord maritime museum for å fortelja og visa bilete om tysnesingane som var jåttseglarar i USA i perioden 1900-1940. Der var det mange frammøtte. Denne kvelden og elles det som Venelaget driv…
-
Godt samarbeid med Sunnhordland museum
Venelaget for jåttseglarane frå Tysnes hadde i sommar besøk av tilsette ved Sunnhordland museum. For Venelaget har museet heilt sidan laget vart skipa i 2009 vore ein viktig samarbeidspartnar. Museet er fagleg rådgjevar og har med sin kompetanse m. a. gjeve god hjelp under oppbygginga av utstillinga i flytenaustet i Våge. Den har mange sunnhordlendingar…
-
Referat frå årsmøte 2016
Referat frå årsmøtet 16. april 2016 i Tysnes bedehus Det møtte 8 medlemmer til årsmøtet. 1. Opning. Leiar i venelaget, Hans Ole Dalland, ønskte medlemmene velkomen til årsmøtet.Som vanleg song dei frammøtte Jåttsongen. Teksten er av Anders Bakke med melodi av Kolbjørn Tvedt. 2. Val av møteleiar og referent.Hans Ole vart vald til møteleiar, og…
-
New York Yacht Club ser til Tysnes
Venelaget for jåttseglarane har fått ein spennande kontakt med det mest eksklusive seglarmiljøet i USA. Denne interessante kontakten er eit resultat av ekteparet Øyvind og Inger Straume Epland sitt besøk i New York Yacht Club under deira 14 dagar lange rundtur i USA i oktober. Under opphaldet var dei tre dagar i New York. Kjærkomne…