Avslutta sesong for “jåttseglarane”


Turistsesongen er for lengst avslutta for i år, og det er stilt i flytenaustet i Våge. Der er òg sesongen for jåttutstillinga avslutta. No er både bilete, dei tre “jåttseglarane” (dokkene), båtmodellane og anna som ikkje har godt av fukt gjennom vinterhalvåret nyleg flytta til eit godt lagringsrom ein annan stad i bygda. I juni neste år skal alt tilbake til flytenaustet.
På same måten som utstillinga er på “reisefot”, var det også med mange av jåttseglarane. Då seglarsesongen var avslutta og alt var klargjort til vinteren, reiste dei

På flyttedagen var medlemer frå Venelaget for jåttseglarane på plass. Frå venstre: Hans Eivind Lande, Kjell A. Lunde og Reidar Lunde.

På flyttedagen var medlemer frå Venelaget for jåttseglarane på plass. Frå venstre: Hans Eivind Lande, Kjell A. Lunde og Reidar Lunde.

heim seinhaustes. Tidleg på våren reiste dei tilbake til USA og ein ny seglarsesong.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *