Populært Sundagsakademi


Det var fullsett i biblioteket i Tysneshallen sist sundag. Vel 80 personar frå heile Tysnes møtte fram for å få med seg programmet i Sundagsakdemiet, som denne gonen hadde eit maritimt innhald.
Førsteamanuensis Per Kristian Sebak ved Bergen Sjøfartsmuseum hadde fyrste del av programmet, der han heldt eit interessant foredrag om Den norske Amerikalinje. I fjor vart  Amerikalinja sitt 100-årsjubileum m. a. markert med ei flott utstilling ved Bergen Sjøfartsmuseum. Den hadde Sebak hovudansvaret for. Til foredraget sitt i biblioteket knytte Sebak mange bilete.
CIMG8087

Per Kristian Sebak under foredraget i biblioteket.

Andre halvdel av programmet var det Venelaget for jåttseglarane som stod for. Fyrst fekk publikum høyra “Jåttsongen” til tekst av Anders Bakke og melodi av Kolbjørn Tvedt. Deretter fekk alle syngja songen  til musikk frå cd-en. Neste innslag var ei fin historie om fanatrøyer, strikka på Tysnes, som gjorde stor lukke hos éin av dei rike  jåtteigarane og hans familie og vener. Dette fortalde Ingebjørg Sævarteveit  om. Til slutt orienterte Knut Arne Grøteide om jåttlaget si nettside, som vart oppretta i sommar. Den har òg ein engelsk versjon. Grøteide viste fleire innslag frå nettsida, som har adresse:jaattlaget.com med den engelske versjonen jaattlaget.com/en
CIMG8092

Sundagsakademiet samlar alltid mange frammøtte. Til og med frå andre kommunar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.