På denne sida finn du oversikt over tysnesingar som hadde hyra på amerikanske lystjåttar. Der det er kjent kva båt dei segla, og i kva årstal, er dette nemd, men her er det mykje me ikkje har kjennskap til. Det vil sei at mange segla langt fleire år, og på fleire jåttar enn det som er lista opp her.
Det er fyrst og fremst snakk om seglbåtar, men me kjenner òg til at somme var å finna på motordrivne lystjåttar.
I lista er omgrepa kaptein, skipper og sailing master nytta. Dette er synonyme ord. I kjeldene er alle omgrepa nytta. Difor finn du det slik her òg.
Mange nytta andre for- og eller etternamn i Amerika. Det har me tatt omsyn til med doble oppføringar, der både namn er nytta, på kvar sin alfabetiske plass. Dersom same etternamn er nytta både stader, har me berre ei oppføring, med «engelsk» namn i parentes.
Det er vist til gards- og bruksnummer, slik at du lett kan finna og lesa meir om den einskilde i til dømes kjeldene nemnd nedafor.
Har du foto?
Det var fleire jåttseglarar enn dei som er tekne med her. Jåttlaget er interessert i opplysningar som kan utfylla og korrigera lista, dersom noko er feil eller mangelfullt. Me skulle òg gjerne hatt tak i fleire bilete av dei einskilde mannskaps-medlemene, men er klar over at ikkje alle har slike digitalt. Alle har heller ikkje tilgang på skannar, men om du har eit bilete på veggen eller i eit album, kan du fotografera det med mobil og senda SMS eller e-post til oss (hugs å inkludera namn på seglar):
+47 975 96 231 (på mobil: klikk for SMS)
+47 975 96 231 (på mobil: klikk for å ringa)
Kjelder
- Løningslister, aviser, tidskrift, fotografi og intervju
- Ernst Berge Drange, Gards- og ættesogene for Tysnes
- Atle Tornes, Tysnesingar i Amerika
Klikk på ein av bokstavane for å finna namnet du søkjer, sortert etter etternamn (i somme høve finn du same person to stadar i alfabetet).
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
A
Andersen, John (i USA)
Malkenes, Johannes Anderson (i Noreg)
F: 1885 D:1951
Frå: Malkenes grnr.: 121 brnr. 9
Johannes var bowsprite man på «Resolute» i 1913, Overstyrmann på «Vanitie» i 1926 og i 1932. I 1930 var han overstyrmann på «Whirlwind», og i 1937 var han sailing master på «Rainbow».
Andersen, Ole Johan
F: 1884 D: 1978
Frå: Tysnes gnr.: 99 brnr.: 6
Var på jåttar etter 1924
Anderson, Andrew ( i USA)
Malkenes, Anders Andersen (truleg, i Noreg)
F: 1893 D:1976
Frå: Malkenes grnr.: 121 brnr. 9
Anders segla med «Weetamoe» i 1930. Han var også med og segla «Shamroch V» attende til England etter America’s Cup det året. I 1914 finn me Andrew Anderson som pantryman i ei kokkeavdeling tilknytta «Resolute». Det kan vera Anders.
Axelsen, Ben ( i USA)
Ersvær, Bernt Akselson (truleg, i Noreg)
F: 1883 D: 1939 (dersom Bernt Akselson Ersvær)
Frå: Vattedal gnr.: 141 brnr.: 2 (dersom Bernt Akselson Ersvær)
Funne i ei løningsliste i 1914. Ben Axelsen og Bernt Akselson Ersvær kan ha vore same person.
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
B
Bakke, Annanias Johnsen (i Noreg)
Bakke, Andrew (i USA)
F: 1881 D: 1955
Frå: Bakka gnr.: 115 brnr.: 5
Annanias var kaptein på «Highland Light» i 1938. Dette året sette båten rekord i Bermuda race, Newport til Bermuda. Rekorden var på 72 timar, og stod til 1959. Båten høyrer til ein klasse kalla New York 50 fot. (50 fot i vasslinja) Etter andre verdskrigen arbeidde Annanias på «Halloween» (jåtten skifta namn seinare).
Bakke, Arthur
F: 1907 D: 1982
Frå: Bakka gnr.: 115 brnr.: 5
Mannskap på «Whirlwind» 1930. Skonnerten «Palestine». Mannskap på «Highland Light» i 1938. I 20 år, fram til han pensjonerte seg, var han sailing master på «Silvernight».
Bakke, Henrik Johan
F: 1893 D: 1985
Frå: Malkenes gnr.: 121 brnr.: 21
Henrik var stuert på «Weetamoe» i 1930, og stuert på «Yankee» i 1935 og 1936.
Bakke, Nils J.
F: 1906 D: 1958
Frå: Bakka gnr.: 115 brnr.: 1
Segla på jåttar frå 1935. Han held fram med jåttsegling etter andre verdskrigen, til 1957. På slutten var han kaptein.
Bakke, Olai
F: 1890 D: 1960
Frå: Bakka gnr.: 115 brnr.: 2
Var stuert på lystjåttar.
Brattetveit, Johannes (i Noreg)
Williamson, John/Jon (i USA)
F: 1910 D: 1996
Frå: Litle Brattetveit gnr.: 53 brnr.: 2
Var jåttseglar kring 1930. I 1935 var han mannskap på «Yankee».
Bruntveit, Knut Berentin (i Noreg)
Bruntvedt, Ben/Bernt (i USA)
Bruntweth, Knute (i USA)
F: 1887 D: 1979
Frå: Øvre Bruntveit gnr.: 81 brnr.: 2
Segla på jåttar frå 1928. Han skal ha segla med «Resolute» som båtsmann den fyrste tida. Knut tok styrmannskule, og arbeidde ei tid for Harold Vanderbilt, millionær og seglbåteigar. I 1930 var Knut kvartermeister på «Enterprise». 1934 var han andrestyrmann på «Rainbow». I 1937 finn me Bruntveit blant mannskapa til America’s Cup-vinnaren «Ranger». Han var såleis med på å vinna America’s Cup tre ganger. Knut var svært høg, og difor også kalla Big Ben.
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
C
Christensen, Andrew (i USA)
Vaage, Andreas Kristian Martin (i Noreg)
F: 1878 D: 1963
Frå: Våge gnr.:91 Brnr.: 1
Andreas var kaptein på lystjåttar.
Christensen, John (i USA)
Vaage, Engel (i Noreg)
F: 1875 D: 1944
Frå: Våge gnr.: 94 Brnr.: 1
Engel reiste som sjømann. Om lag 1900 fekk han malaria og vart innlagd på eit sjukehus i Amerika. Han møtte då Chris. Christensen frå Arendal, ein kjend jåttkaptein på denne tida. Engel segla fleire år med Chris som kaptein, mellom andre på «Resolute».
Engel vart etter kvart styrmann og seinare kaptein.
Oversikt over båtar me kjenner til Engel segla:
1903: «Reliance», mannskap. Vann America’s Cup.
1908–13: «Ingomar», skonnert (årstal usikkert)
1914: «Resolute», overstyrmann
1920: «Resolute», overstyrmann. Vann America’s Cup.
1920-åra: «Carolina», «Queen Mab», «Lynx» og «Vanitie»
1930: «Weetamoe», kaptein
1930–32: «Vanitie», kaptein
1934: «Weetamoe», kaptein
1935: «Yankee», kaptein
Engel var den fyrste frå Tysnes me kjenner til som segla som mannskap på amerikanske lystjåttar. Han avslutta karriera i 1937.
Engel var òg kalla Coconut John.
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
D
Dalland, Erik Tomasson
F: 1896 D: 1967
Frå: Nedre Dalland gnr.: 91 brnr.: 1
Erik var mannskap på lystjåttar. Matros på «Weetamoe» i 1930, «Vanitie» i 1932, «Yankee» i 1935–36.
Dalland, Hans Ingvald
F: 1909 D: 1986
Frå: Nedre Dalland gnr.: 92 brnr.: 4
Sjømann og kaptein på jåttar.
Dalland, Hans Jacob
F: 1905 D: 1977
Frå: Teigland gnr.: 88 brnr.: 6
Segla ei tid på jåttar.
Dalland, Knut Martin Jacobsen (i Noreg)
Dalland, Martin (i USA)
F: 1887 D: 1942
Frå: Nedre Dalland gnr.: 92 brnr.: 2
Mannskap på «Vanitie» og «Resolute» 1914.
Dalland, Kolbein Teodor Jakobsen
(i Noreg)
Dalland, Teddy (i USA)
F: 1885 D: 1969
Frå: Nedre Dalland gnr.: 92 brnr.: 2
Mannskap på «Resolute» i 1920.
Dalland, Nils Torbjørnson
F: 1898 D: 1988
Frå: Nedre Dalland gnr.: 92 brnr.: 3
Mannskap på «Weetamoe» 1930. Matros på «Yankee» 1935 og -36.
Dalland, Ole P.
F: 1904 D: 1985
Frå: Øvre Dalland gnr.: 93 brnr.: 3
Tok til som mannskap på jått i 1928, og held fram med dette til midt på 1930-talet.
Mannskap på «Yankee» 1935 og -36.
Ole skreiv dagbok då han var mannskap på «Yankee».
Drange, Ole S.
F: 1870 D: 1955
Frå: Øvre Drange gnr.: 20 brnr.: 3
Ole arbeidde på jåttar i åra kring 1900.
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
E
Eldholm, Anton Olai Hansson
F: 1886 D: 1970
Frå: Eldholm gnr.: 76 brnr.: 1
Arbeidde mellom anna på jåttar i tida 1906–13.
Eldholm, Nils Martin
F: 1886 D: 1980
Frå: Eldholm gnr.: 76 brnr.: 4
Nils var sjømann, mellom anna skipper på private jåttar.
Eldholm, Ole Andreas (i Noreg)
Nelson, Andrew (truleg, i USA)
F: 1888 D: 1964
Frå: Eldholm gnr.: 76 brnr.: 4
Førte ei tid ein lystjått.
Ersvær, Bernt Akselson (i Noreg)
Axelsen, Ben ( i USA)
F: 1883 D: 1939
Frå: Vattedal gnr.: 141 brnr.: 2
Var med «Resolute» i 1920, då denne vann America’s Cup. I 1914 finn me Ben Axelsen i ei løningsliste. Det kan ha vore same person.
Ersvær, Gunnar Andersen
F: 1878 D: 1969
Frå: Ersvær gnr.: 55 brnr.: 6
Segla på jåttar frå 1905.
Eversvik, Nils Olai Nilsen
F: 1887 D: 1962
Frå: Ytre Vee gnr.: 89 brnr.: 6
Sommaren 1921 arbeidde Nils på seglbåten «Ligero», eigd av Harald Berle i Bergen. I slutten av 20-åra kom han med i jåttseglinga i Amerika. Mannskap på «Weetamoe» i 1930. Kaptein på fleire mindre jåttar dei neste ti åra. I 1937 var Nils kaptein på «Penrith». Deretter ein ti-meter i om lag to år, og etter det «Orient» i 19 månadar.
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
F
Frugård, Hans Kristian Hansson
F: 1883 D: 1935
Frå: Bakka gnr.: 115 brnr.: 6
Hans var bakar, men hadde ein eller to turar til Amerika, der han var stuert på jåttar på slutten av 1920-talet.
Frøkedal, Torbjørn Bernhard (i Noreg)
Frokedal, Thomas/Tom (truleg, i USA)
F: 1908 D: 1984
Frå: Frøkedal gnr.: 148 brnr.: 2
Segla ei tid på jåttar frå 1926. Me finn Tom Frøkedal som mannskap på «Vanitie» i 1929, det kan vera Torbjørn. Tom var tredjestyrmann på «Whirlwind» 1930. I 1935 var han mannskap på «Yankee». I 1937 var han andrestyrmann på «Rainbow».
Færevåg, Gunnar Henning
F: 1913 D: 2008
Frå: Færevåg gnr.: 36 brnr.: 2
I 1933 var Gunnar mannskap på «Weetamoe». Han var kvartemeister på «Rainbow» då ho vann Amreica’s Cup i 1934. I 1937 segla han med «Rainbow» i uttakings-seglasane før cupen.
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
G
Gjelland, Gustav K.
F: 1911 D: 1989
Frå: Nedre Gjelland gnr.: 85 brnr.: 4
Var på ein jått tidleg på 1930-talet.
Gjelland, Kristian Sjurson
F: 1875 D: 1953
Frå: Nedre Gjelland gnr.: 85 brnr.: 4
Kaptein på jåttar i perioden 1923–31. Mellom anna på ti meter-klassen.
Gjelland, Sakarias Olai Sjurson
F: 1884 D: 1978
Frå: Tysnes gnr.: 99 brnr.: 9
Sakarias var lenge i jåttfart. Han segla som skipper på ein jått eigd av Vernon West sommarhalvåret. Om vinteren vart Sakrarias nytta som sjåfør.
Gjerstad, Georg Ragnvald Anderson
F: 1902 D: 1960
Frå: Øvre Gjerstad gnr.: 96 brnr.: 7
Var truleg på «Advance» i 1925 og/eller 1926. «Blackshire» i 1928. Truleg «Vanitie» om lag 1929 og «Yankee» i 1930 og 1934. Georg reiste som stuert.
Gjerstad, Gunnar Olson (i Noreg)
Olsen, Gust (i USA)
F: 1887 D: 1966
Frå: Øvre Gjerstad gnr.: 96 brnr.: 3
1907–1911: Matros på ukjende båtar
1912–1913: «Wencedor». Styrmann/kaptein
1914–1918: «Symra». Norsk tolv-meter, eigar Aksel Isdal. Var i Norge under første verdskrig og segla som matros.
1919: «Squaw». Kaptein
1920: «Vanitie»
1920: «Resolute». Andrestyrmann. Vann America’s cup.
1920-1923: «Squaw». Kaptein
1923: «Andyamo». Kaptein.
1925: «Advance». Kaptein (bygd av Johan Anker, Asker 1925)
1926–1929: «Blackshire» og «Barbara». Kaptein.
1930: «Yankee». Kaptein.
1931–1932: Var heime i Norge og bygde hus.
1933: «Shimna». Kaptein
1934–1935: «Yankee». Kaptein
1937: «Gipsy» («Gypsy»?). Kaptein Deltok i Bermuda Race
1937: «Yankee»
1937–1938: «Ibis II». Kaptein.
Gunnar fekk tilnamnet Sandpaper Gust. Han var oppteken av at båten skulle pussast og sjå bra ut.
Gjerstad, Lars Nilsen (i Noreg)
Nilsen, Louis (i USA)
F: 1905 D: 1987
Frå: Nedre Gjerstad gnr.: 95 brnr.: 4
Segla med skonnerten Advance frå Oslo til Boston i 1925. Matros på Weetamoe i 1930 og truleg i 1933. Var òg med på Yankee i 1925 og 1926.
Gjerstad, Ole G.
F: 1911 D: 1984
Frå: Øvre Gjerstad gnr.: 96 brnr.: 3
Mannskap på «Blackshire» 1928, «Yankee» 1930, «Vanitie» 1932, «Yankee» 1935 og kvartermeister på «Yankee» 1936. Var òg kaptein ei tid. I tida 1968–71 var han i utanriksfart, men segla også litt på jåttar.
Gundersen, Carl (i USA)
Teigland, Karl (i Noreg)
F: 1890 D: 1980
Frå: Teigland gnr.: 88 brnr.: 1 og Våge gnr 94 brnr.: 28
Matros på «Resolute» i 1914, andrestyrmann på «Resolute» i 1915 og båtsmann på «Resolute» i 1920. Andrestyrmann på «Vanitie» i 1926.
Andrestyrmann på «Weetamoe» i 1930 og 1931. I 1932 er Karl tilbake som andrestyrmann på «Vanitie». I 1935 og 1936 er han andrestyrmann på «Yankee».
Gundersen, Eddy (i USA)
Teigland, Ingvald (i Noreg)
F: 1897 D: 1970
Frå: Indre Vee gnr.: 90 brnr.: 7 og Teigland grnr.: 88 brnr.: 1
Ingvald var mannskap på jåttar i mellomkrigstida. Han var med og klargjorde «Vanitie» til sesongen 1932, og segla med «Weetamoe» i 1933 og 1934.
Gundersen, Leif
F: 1934 D: 2024
Frå: Våge gnr.: 94 brnr.: 28 og
Teigland gnr.: 88 brnr: 1
Leif var jåttskipper til han gjekk av med pensjon.
Gunderson, Gustav Teigland (i Noreg)
Gunderson, Gust (i USA)
F: 1894 D: 1971
Frå: Teigland gnr.: 88 brnr.: 1
Matros på «Resolute» i 1914 og 1915.
Kaptein på «Weetamoe» i 1931 og 1933.
Kaptein på mindre jåttar ei tid.
Gunderson, Ole Teigland
F: 1886 D: 1960
Frå: Teigland gnr.: 88 brnr.: 1 og
Lande gnr.: 91 brnr.: 6
Mannskap på «Resolute» i 1914. Overstyrmann på «Weetamoe» i 1930, 1931 og 1933. Var med og klargjorde «Vanitie» i 1932, men segla ikkje med jåtten dette året. Overstyrmann på «Yankee» i 1935. I 1936 var Ole kaptein då «Yankee» segla frå England til Boston. Me kjenner til at Ole var kaptein på ein stor skonnert kring 1939.
Dei siste åra Ole var yrkesaktiv, var han vaktmeister i Glen Cove Yacht Club på Long Island.
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
H
Hagestad, Lars Henrik
F: 1900 D: 1976
Frå: Nedre Humlevik gnr.: 109 brnr.: 1
Mannskap på «Whirlwind» i 1930.
Hansen, Sam (i USA)
Møllevik, Sverre Hansen (truleg, i Noreg)
Mollevik, Sam (truleg, i USA)
F: 1908 D:1989
Frå: Øvre Siglevik grnr.: 56 brnr. 1
I ei liste over mannskapa på «Weetamoe» 1933 finn me Sam Mollevik.
I 1934 er Sam Hansen på mannskapslista til «Rainbow» då ho vann America’s cup. Me går ut frå at Sverre er same person som Sam. I 1937 deltok Sverre i uttakings-seglasane til America’s Cup.
Heie, Torbjørn Hansson
F: 1899 D: 1979
Frå: Litle Godøy gnr.: 102 brnr.: 2
Mannskap på «Enterprise» i 1930, vinnar av America’s cup det året.
Henriksen, Hans Bertinius
F: 1889 D: 1980
Frå: Grimsland gnr.: 111 brnr.: 7
Reiste som stuert på jåttar frå 1926. Var lenge tilsett hos Gerard Lambert, som eigde båtar som «Vanitie» og «Atlantic». Overstuert på «Vanitie» i 1929 og 1932. Etter andre verdskrig reiste han på steam-jåttar.
Hope, Hans
F: 1904 D: 1955
Frå: Nedre Hope gnr.: 79 brnr.: 2
Var jåttskipper ei tid.
Hope, John Martin V.
F: 1885 D: 1970
Frå: Nedre Hope gnr.: 79 brnr.: 8
John var jåttseglar i 30-åra. Etter krigen var han skipper på ein jått.
Hope, Lars Andreas (i Noreg)
Hope, Louis (i USA)
F: 1909 D: 1972
Frå: Nedre Hope gnr.: 79 brnr.: 4
Var mannskap på «Enterprise» 1930 og «Ranger» 1937. Lars var såleis med og vinna Amreica’s Cup to ganger.
Hope, Olai L.
F: 1879 D: 1968
Frå: Nedre Hope gnr.: 79 brnr.: 4
Olai var båtsmann på «Enterprise» då denne vann America’s cup i 1930. Han deltok òg i America’s Cup 1934, truleg som båtsmann på «Corona», losjiskipet til «Rainbow», som vann cupen dette året.
Hope, Torvald Berntin (i Noreg)
Hope, Tom (i USA)
F: 1913 D: 1990
Frå: Nedre Hope gnr.: 79 brnr.: 4
I 1930 finn me Tom Hope som messegut på mannskapslista til «Entreprise». Torvald var mannskap på «Corona», losjiskipet til «Rainbow», som vann cupen 1934.
Hope, Sigvard L. (i Noreg)
Hope, Laurentius (i USA)
F: 1899 D: 1942
Frå: Nedre Hope gnr.: 79 brnr.: 3
Jåttseglar i 1934.
Hope, Wilhelm A. (i Noreg)
Hope, Willy (truleg, i USA)
F: 1910 D: 2008
Frå: Nedre Hope gnr.: 79 brnr.: 7 (plass: Tångjen)
I mannskapslista til «Enterprise» 1930 finn me Willy Hope, Tysnes. Det kan vera Wilhelm.
Humlevik, Johan Lorentsen
F: 1894 D: 1947
Frå: Gjerstad gnr.: 95 brnr.: 7
Mannskap på «Weetamoe» i 1930. «Yankee» 1935.
Humlevik, Torbjørn L. (i Noreg)
Humlevik, Teddy Lawrence (truleg, i USA)
F: 1901 D: 1966
Frå: Nedre Humlevik gnr.: 109 brnr.: 2
Matros på «Resolute» i 1915, «Yankee» i 1935 og 1936.
Kalla seg truleg Teddy.
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
I
Ivarson, Elias Hjelland (i Noreg)
Ivarsen, Edward E. (i USA)
F: 1897 D: 1982
Frå: Øvre Gjelland gnr.: 84 brnr.: 4
Var kaptein på lystjåttar.
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
J
Jensen, Arne
F: 1898 D: 1979
Frå: Onarheim gnr.: 152 brnr.: 15
I mannskapslista til «Ranger» 1937 finn me Arne Jensen, Tysnes. Det kan vera Arne her, då det er einaste tysnesing med dette navnet me har funne. «Ranger» vann America’s cup dette året.
Johannesen, Lars Henrik
F: 1895 D: 19??
Frå: Kattaland gnr.: 116 brnr.: 1
Lars var sjømann, og var mellom anna på lystjåttar i Amerika.
Johanneson, Sigurd
F: 1908 D: 1986
Frå: Kattaland gnr.: 116 brnr.: 1
Reiste som stuert på jåttar.
Johnsen, Gitle Olai (i Noreg)
Georg Johnsen (i USA)
F: 1896 D: 1954
Frå: Malkenes gnr.: 121 brnr.: 12
Matros på «Vanitie» i 1929. Kvartermeister på «Weetamoe» i 1930.
Han var ei tid kaptein på ein båt. Usikkert om det var segl eller motorbåt.
Johnsen, John Edvard (i Noreg)
Twice, Johnny (i USA)
F: 1892 D: 1977
Frå: Malkenes gnr.: 121 brnr.: 24
Matros på «Vanitie» 1929, kvartermeister på «Weetamoe» i 1930 og kvartermeister på «Vanitie» i 1932. Mai 1934 er John nemnd i ei mannskapsliste for «Rainbow», som vann America’s Cup seinare det året. Har òg seilt med «Michabo» og «Sachsen».
Vart òg kalla Johnny Twice i Amerika, her heime: John i Smoget.
Johnsen, Magnus (i USA)
Kattaland, Magnus Johan (i Noreg)
F: 1865 D: 1941
Frå: Kattaland gnr.: 116 brnr.: 1
Magnus var overstyrmann på «Yankee» i 1934. Var òg ei tid jåttkaptein.
Johnsen, Torger Johannes
F: 1902 D: 1968
Frå: Kattaland gnr.: 116 brnr.: 1
Torger var ei tid på jåttar etter 1927.
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
K
Kalgraf, Olaf Andreas
F: 1896 D: 1952
Frå: Våge gnr.: 94 brnr.: 26
Weetamoe i 1930. Baugsprydsmann på «Vanitie» i 1929 og 1932. «Yankee» 1936. Held fram med seglinga òg etter andre verdskrig, og var kaptein fram til han døydde.
Kattaland, Johannes Olai Hansson
F: 1865 D: 1941
Frå: Kattaland gnr.: 116 brnr.: 1
Var med på jåttfart, og i eit par år førte han ein jått. Kom heim siste gang i 1913.
Kattaland, Magnus Johan (i Noreg)
Johnsen, Magnus (i USA)
F: 1865 D: 1941
Frå: Kattaland gnr.: 116 brnr.: 1
Magnus var overstyrmann på «Yankee» i 1934. Var òg ei tid jåttkaptein.
Kjerafjorden, Henrik Martin Kristoffersen
F: 1896 D: 1954
Frå: Våge gnr.: 94 brnr.: 2
Kvartermeister på «Weetamoe» i 1930. Var med «Yankee» i 1935.
Kjærefjord, Alfred (i Noreg)
Larsen, Alfred (i USA)
F: 1904 D: 1973
Frå: Kjerafjord gnr.: 104 brnr.: 1
Segla på jåttar ei tid frå 1923.
Kjærefjord, Hans Martin Henrikson (i Noreg)
Lande, Hans (i USA)
F: 1883 D: 1967
Frå: Lande gnr.: 91 brnr.: 4
Hans kom inn i jåttbransjen i 1908 eller 1909. Han var på skonnerten «Ingomar», saman med Engel Vaage fleire somrar. Deretter skonnerten «Muriel». Mannskap på «Resolute» i 1914 og kvartermeister på same jått året etter. I 1928 på «Blackshire». I 1929 var han på «Barbara», og var med og segla riggen over bord. Hans avslutta karriera på «Yankee», der han fyrst var andrestyrmann og deretter overstyrmann.
Kjærefjord, Lars Andreas
F: 1902 D: 1973
Frå: Teigland gnr.: 88 brnr.: 13
Matros på «Weetamoe» i 1930, «Vanitie» i 1932 og «Yankee» i 1935 og 1936.
Kristoffersen, Karl Andreas
F: 1888 D: 1958
Frå: Indre Vee gnr.: 90 brnr.: 4
Var på «Resolute» i 1920 og «Weetamoe» i 1930.
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
L
Lande, Hans (i USA)
Kjærefjord, Hans Martin Henrikson (i Noreg)
F: 1883 D: 1967
Frå: Lande gnr.: 91 brnr.: 4
Hans kom inn i jåttbransjen i 1908 eller 1909. Han var på skonnerten «Ingomar», saman med Engel Vaage fleire somrar. Deretter skonnerten «Muriel». Mannskap på «Resolute» i 1914 og kvartermeister på same jått året etter. I 1928 på «Blackshire». I 1929 var han på «Barbara», og var med og segla riggen over bord. Hans avslutta karriera på «Yankee», der han fyrst var andrestyrmann og deretter overstyrmann.
Lande, Georg Magnus Torkelson
F: 1901 D: 1971
Frå: Lande gnr.: 91 brnr.: 1 og Øvra Gjerstad gnr.: 96 brnr.: 4
Var på «Yankee» i 1930. Stuert på «Yankee» i 1934 og kvartermeister på «Yankee» i 1935.
Lande, Johannes (i Noreg)
Landry, John (i USA)
Landy, John (i USA)
F: 1909 D: 1987
Frå: Lande gnr.: 91 brnr.: 4
Messemann på «Vanitie» 1929. Mannskap på «Yankee» i 1930. Han var med på å gjera klar «Vanitie» klar i 1932. I 1933 er John Lande nemnd blant mannskapa på «Weetamoe», det kan vera Johannes.
I 1929 finn me John Landry som messemann i mannskapslista til «Vanitie». I Gards- og Ættesoga står det at Johannes utvandra i 1930. Det kan vere feil mann eller feil årstal.
Larsen, Alfred (i USA)
Kjærefjord, Alfred (i Noreg)
F: 1904 D: 1973
Frå: Kjerafjord gnr.: 104 brnr.: 1
Segla på jåttar ei tid frå 1923.
Larsen, Alfred Emil
F: 1905 D: 1974
Frå: Lande gnr.: 91 brnr.: 4 og Våge gnr.: 94 brnr.: 44
Jåttseglar ei tid etter 1927. Matros på «Weetamoe» i 1930.
Larsen, Lorents Berntin (i Noreg)
Larsen, Louis (truleg, i USA)
F: 1884 D: 1962
Frå: Malkenes gnr.: 121 brnr.: 16 og Nedra Lunde gnr.: 113 brnr.: 5 (Plass: Struten)
Lorents var jåttseglar i mellomkrigsåra. Me finn ein Louis Larsen som mannskap på «Vanitie» og «Utilitie», slepebåten til «Vanitie» i 1929. Om han var på begge, eller om det er to med same namn er vanskeleg å seia. I 1930 finn me namnet blant mannskapa på «Whirlwind» sin slepebåt «Twister». Vart også kalla Lorents i Struten.
Lunde, Gustav Johan Olson (i Noreg)
Lunde, Gust O. (i USA)
F: 1884 D: 1962
Frå: Malkenes gnr.: 121 brnr.: 2 og Nedra Lunde gnr.: 113 brnr.: 3
Kaptein på «Utilitie», slepebåten til «Vanitie», i 1929. Kaptein på «Magistrate», slepebåten til «Weetamoe», i 1930. Kaptein «Utilitie» 1932, slepebåten til «Vanitie».
Lunde, Johannes Nilson
F: 1884 D: 1927
Frå: Øvra Lunde gnr.: 114 brnr.: 1
Segla på jåttar.
Lunde, Johannes Martin Olson
F: 1884 D: 1954
Frå: Øvra Lunde gnr.: 114 brnr.: 4
Johannes var båtbyggar, men segla også på jåttar. Mellom anna som maskinist og kaptein. Han installerte maskin i segljåtten «Blackshire», og var med som maskinist der. I 1930 var han skipper på «Twister», taubåten til «Whirlwind». Han var med og bygde skonnerten «Nina» for Paul Hammond i 1928, og var kaptein på denne 1931.
Lunde, Karl Martin (i Noreg)
Lunde, Charles (i USA)
F: 1888 D: 1944
Frå: Grimsland gnr.: 111 brnr.: 3
Mannskap på «Elreba», ein steam-jått, i 1910. Segla på skonnerten «Atlantic» i 1923. I 1931 kaptein på M-klass- jåtten «Avatar», eigd av Norton. Ein vinter var Karl vaktmann på «Avatar». Seinare «Weetamoe» og «Vanitie». Var med på å vinna America’s Cup med «Rainbow» 1934 og «Ranger», der han var «storekeeper» (materialforvaltar) i 1937. Mannskap på «Yankee» i 1935 og 1936. «Miskabo» og «Coruna» er òg blant jåttane Karl segla.
Lunde, Lars Sigurd
F: 1895 D: 1992
Frå: Nedra Lunde gnr.: 113 brnr.: 1
Lars arbeidde på jåttar, og me finn han blant mannskapa til «Whirlwind» 1930.
Lunde, Magnvil Kristoffer Olson
F: 1900 D: 1960
Frå: Malkenes gnr.: 121 brnr.: 2 og Nedra Lunde (grnr.: 113, Gitlestovo (hus utan jord)
Var litt med på jåttsegling. I 1930 var han på «Magistrate», slepebåten til «Weetamoe». I 1932 var han på «Utilitie», som var slepebåt for «Vanitie». Var òg kaptein ei tid.
Lunde, Olav
F: 1913 D: 2004
Frå: Nedra Lunde grnr.: 113 brnr.: 61
Olav var mannskap på taubåten «Twister», som vart nytta til å slepa «Whirlwind» til og frå hamna sesongen 1930. Dei neste ti åra arbeidde Olav på fleire jåttar. Han hadde interesse for maskinar og arbeidde som maskinist.
Lunde, Olav Johan (i Noreg)
Lunde, Olaf (truleg, i USA)
F: 1900 D:1977
Frå: Nedra Lunde brnr. 1 og Kattanes grnr.: 120 brnr.: 3 (Hagen)
I 1930 finn me Olaf Lunde i mannskapslista til «Weetamoe» i 1930. Det kan vera Olav Johan, men er usikkert. Kring same tida var han matros på jåtten «Withmore».
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
M
Malkenes, Anders Andersen (i Noreg)
Anderson, Andrew (truleg, i USA)
F: 1893 D:1976
Frå: Malkenes grnr.: 121 brnr. 9
Anders segla med «Weetamoe» i 1930. Han var også med og segla «Shamroch V» attende til England etter America’s Cup det året. I 1914 finn me Andrew Anderson som pantryman i ei kokkeavdeling tilknytta «Resolute». Det kan vera Anders.
Malkenes, Hans Andersen
F: 1889 D:1944
Frå: Økland grnr.: 117 brnr. 3
Mannskap på «Resolute» 1914 (baugsprydmann) og 1915. 1921 mannskap på «Carolina». Tidleg i sesongen 1930 var han overstyrmann på «Whirlwind».
Malkenes, Johannes Anderson (i Noreg)
Andersen, John (i USA)
F: 1885 D:1951
Frå: Malkenes grnr.: 121 brnr. 9
Johannes var bowsprite man på «Resolute» i 1913, Overstyrmann på «Vanitie» i 1926 og i 1932. I 1930 var han overstyrmann på «Whirlwind», og i 1937 var han sailing master på «Rainbow».
Malkenes, Ole Andreas Hansen
F: 1876 D:1930
Frå: Malkenes grnr.: 121 brnr. 6
I tjueåra var Ole styrmann og seinare kaptein på lystjåttar. I 1930 var han overstyrmann på «Yankee». Han døydde tidleg denne sesongen.
Malkenes, Torvald Kristoffer Nilson (i Noreg)
Nelson, Thomas (i USA)
F: 1903 D:1937
Frå: Malkenes grnr.: 121 brnr. 1
Torvald var kokk i jåttfarten. Han var på ein jått ved Ulmer Park, New York, og drukna der.
Meland, Hans Tobias Torbjørnson
F: 1890 D:1940
Frå: Ytre Vee grnr.: 89 brnr. 4
Segla ei tid på jåttar. Var matros på «Resolute» i 1920, som vann Amreica’s Cup det året.
Myrdal, Johannes (i Noreg)
Myrdal, John (i USA)
F: 1911 D:1986
Frå: Myrdal grnr.: 107 brnr. 2
Mannskap på «Weetamoe» i 1930. Var med på å klargjera «Vanitie» til sesongen 1932. Var òg jåttskipper.
Myrdal, Lars Meyer Knutson
F: 1904 D:1978
Frå: Myrdal grnr.: 107 brnr. 1 og Nedra Lunde grnr.: 113 brnr.: 14
Mannskap på «Whirlwind» i 1930. Vart seinare jåttkaptein.
Møllevik, Sverre Hansen (i Noreg)
Mollevik, Sam (truleg, i USA)
Hansen, Sam (truleg, i USA)
F: 1908 D:1989
Frå: Øvre Siglevik grnr.: 56 brnr. 1
I ei liste over mannskapa på «Weetamoe» 1933 finn me Sam Mollevik.
I 1934 er Sam Hansen på mannskapslista til «Rainbow» då ho vann America’s cup. Me går ut frå at Sverre er same person som Sam. I 1937 deltok Sverre i uttakings-seglasane til America’s Cup.
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
N
Nelson, Andrew (truleg, i USA)
Eldholm, Ole Andreas (i Noreg)
F: 1888 D: 1964
Frå: Eldholm gnr.: 76 brnr.: 4
Førte ei tid ein lystjått.
Nelson, Thomas (i USA)
Malkenes, Torvald Kristoffer Nilson (i Noreg)
F: 1903 D:1937
Frå: Malkenes grnr.: 121 brnr. 1
Torvald var kokk i jåttfarten. Han var på ein jått ved Ulmer Park, New York, og drukna der.
Nilsen, Gunnar
F: 1893 D: 1983
Frå: Litle Gjersvik gnr.: 97 brnr.: 4
Gunnar segla med «Sialia» 1913, «Resolute» 1914, «Carolina» 1921, «Blackshire» 1928, «Ibis» 1940–41 og «Gleam» 1941–42. Han er ført opp som mannskap i 1914, men segla seinare som stuert.
Nilsen, Louis (i USA)
Gjerstad, Lars Nilsen (i Noreg)
F: 1905 D: 1987
Frå: Nedre Gjerstad gnr.: 95 brnr.: 4
Segla med skonnerten «Advance» frå Oslo til Boston i 1925. Matros på «Weetamoe» i 1930 og truleg i 1933. Var òg med på «Yankee» i 1925 og 1926.
Nilsen, Martin Andres
F: 1887 D: 1958
Frå: Litle Kongsvik gnr.: 25 brnr.: 2
I mannskapslista til America’s Cup-vinnaren «Resolute» 1920 står det «Martin Nilsen, Tysnes». Martin Andreas utvandra i 1906, og vart seinare lekteskipper i Brooklyn. Det kan vera han segla på jåttar ei tid, og at han var mannskap på «Resolute».
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
O
Olsen, Gust (i USA)
Gjerstad, Gunnar Olson (i Noreg)
F: 1887 D: 1966
Frå: Øvre Gjerstad gnr.: 96 brnr.: 3
1907–1911: Matros på ukjende båtar
1912–1913: «Wencedor». Styrmann/kaptein
1914–1918: «Symra». Norsk tolv-meter, eigar Aksel Isdal. Var i Norge under første verdskrig og segla som matros.
1919: «Squaw». Kaptein
1920: «Vanitie»
1920: «Resolute». Andrestyrmann. Vann America’s cup.
1920-1923: «Squaw». Kaptein
1923: «Andyamo». Kaptein.
1925: «Advance». Kaptein (bygd av Johan Anker, Asker 1925)
1926–1929: «Blackshire» og «Barbara». Kaptein.
1930: «Yankee». Kaptein.
1931–1932: Var heime i Norge og bygde hus.
1933: «Shimna». Kaptein
1934–1935: «Yankee». Kaptein
1937: «Gipsy» («Gypsy»?). Kaptein Deltok i Bermuda Race
1937: «Yankee»
1937–1938: «Ibis II». Kaptein.
Gunnar fekk tilnamnet Sandpaper Gust. Han var oppteken av at båten skulle pussast og sjå bra ut.
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
P
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
Q
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
R
Rasmussen, Henry (i USA)
Tysnes, Henrik (i Noreg)
F: 1902 D: 1982
Frå: Tysnes gnr.: 99 brnr.: 5
Henrik gjekk i land i USA i 1919, og var jåttseglar. Han var andrestyrmann på «Weetamoe» i 1933. I 1937 var han overstyrmann på «Rainbow».
Røo, Lars Andreas
F: 1892 D: 1924
Frå: Malkenes gnr.: 121 brnr.: 4
Lars var jåttseglar. Siste tida var han styrmann.
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
S
Simonsen, Ingebrikt
F: 1902 D: 1970
Frå: Malkenes gnr.: 121 brnr.: 5
Ingebrikt var mannskap på «Whirlwind» i 1930 og kvartermeister på «Vanitie» i 1932. Reiste heim i 1939. På eit seglarstemne i Godøysund kom han i kontakt med «Krydder-Ellingsen» (Hindu krydder) i Bergen. Ellingsen trong mannskap til tolvmeteren sin, og Ingebrikt segla med denne sommarstid, like fram til 1969.
Sunda, Hans Andersen
F: 1904 D: ?
Frå: Malkenes gnr.: 121 brnr.: 25
Var litt med på jåttsegling i tida 1926–31.
Sunde, Torbjørn Anderson
F: 1908 D: 1986
Frå: Sunda gnr.: 123 brnr.: 1
Var på lystjåttar i tida 1929–37.
Søreide, Ole J.
F: 1907 D: 1993
Frå: Nedre Gjerstad gnr.: 95 brnr.: 12
Mannskap på «Whirlwind» i 1930.
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
T
Teigland, Garfield Gunderson
F: 1910 D: 1990
Frå: Store Gjersvik gnr.: 98 brnr.: 7
Var mannskap på «Magistrate», slepebåten til «Weetamoe», i 1930.
Teigland, Gregorius Johannesson
F: 1880 D: 1964
Frå: Teigland gnr.: 88 brnr.: 4
Dreiv med skipsbygging i Philadelphia. Etter andre verdskrigen dreiv han for seg sjølv, og bygde seglbåtar til han kom til Noreg i 1954.
Teigland, Ingvald (i Noreg)
Gundersen, Eddy (i USA)
F: 1897 D: 1970
Frå: Indre Vee gnr.: 90 brnr.: 7 og Teigland grnr.: 88 brnr.: 1
Ingvald var mannskap på jåttar i mellomkrigstida. Han var med og klargjorde «Vanitie» til sesongen 1932, og segla med «Weetamoe» i 1933 og 1934.
Teigland, Johannes K.
F: 1926 D: 1994
Frå: Våge gnr.: 94 brnr.: 28
Johannes var riggar, og deltok i klargjeringa av America’s Cup-båtar fire sesongar: 1964 («Constellation»), 1967 («Interpid»), 1970 («Interpid») og 1974 («Courageous»).
Teigland, Karl (i Noreg)
Gundersen, Carl (i USA)
F: 1890 D: 1980
Frå: Teigland gnr.: 88 brnr.: 1 og Våge gnr 94 brnr.: 28
Matros på «Resolute» i 1914, andrestyrmann på «Resolute» i 1915 og båtsmann på «Resolute» i 1920. Andrestyrmann på «Vanitie» i 1926.
Andrestyrmann på «Weetamoe» i 1930 og 1931. I 1932 er Karl tilbake som andrestyrmann på «Vanitie». I 1935 og 1936 er han andrestyrmann på «Yankee».
Teigland, Rasmus Gunderson
F: 1883 D: 1970
Frå: Teigland gnr.: 88 brnr.: 1
Matros på «Resolute» i 1914, andrestyrmann på «Resolute» i 1915 og båtsmann på «Resolute» i 1920. Andrestyrmann på «Vanitie» i 1926.
Andrestyrmann på «Weetamoe» i 1930 og 1931. I 1932 er Karl tilbake som andrestyrmann på «Vanitie». I 1935 og 1936 er han andrestyrmann på «Yankee».
Twice, Johnny (i USA)
Johnsen, John Edvard (i Noreg)
F: 1892 D: 1977
Frå: Malkenes gnr.: 121 brnr.: 24
Matros på «Vanitie» 1929, kvartermeister på «Weetamoe» i 1930 og kvartermeister på «Vanitie» i 1932. Mai 1934 er John nemnd i ei mannskapsliste for «Rainbow», som vann America’s Cup seinare det året. Har òg seilt med «Michabo» og «Sachsen».
Vart òg kalla John i Smoget her heime.
Tysnes, Edvard
F: 1883 D: 1956
Frå: Tysnes gnr.: 99 brnr.: 5
Var ei tid med som jåttseglar.
Tysnes, Henrik (i Noreg)
Rasmussen, Henry (i USA)
F: 1902 D: 1982
Frå: Tysnes gnr.: 99 brnr.: 5
Henrik gjekk i land i USA i 1919, og var jåttseglar. Han var andrestyrmann på «Weetamoe» i 1933. I 1937 var han overstyrmann på «Rainbow».
Tysnes, Lars R.
F: 1904 D: 1994
Frå: Ytre Vee gnr.: 89 brnr.: 13
Lars segla ein sesong med Vanitie, truleg på slutten av 1920-talet.
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
U
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
V
Vee, Bård Bårdsen
F: 1901 D: 1957
Frå: Ytre Vee gnr.: 89 brnr.: 8
Var matros på «Weetamoe» i 1930. I 1933 var han matros på slepebåten til «Weetamoe».
Vee, Mads S.
Mass på Myro
F: 1871 D: 1960
Frå: Indre Vee gnr.: 90 brnr.: 5
Mannskap på jåttar, mellom andre «Resolute» i 1914.
Vaage, Andreas Kristian Martin (i Noreg)
Christensen, Andrew (i USA)
F: 1878 D: 1963
Frå: Våge gnr.:91 Brnr.: 1
Andreas var kaptein på lystjåttar.
Vaage, Engel (i Noreg)
Christensen, John (i USA)
F: 1875 D: 1944
Frå: Våge gnr.: 94 Brnr.: 1
Engel reiste som sjømann. Om lag 1900 fekk han malaria og vart innlagd på eit sjukehus i Amerika. Han møtte då Chris. Christensen frå Arendal, ein kjend jåttkaptein på denne tida. Engel segla fleire år med Chris som kaptein, mellom andre på «Resolute».
Engel vart etter kvart styrmann og seinare kaptein.
Oversikt over båtar me kjenner til Engel segla:
1903: «Reliance», mannskap. Vann America’s Cup.
1908–13: «Ingomar», skonnert (årstal usikkert)
1914: «Resolute», overstyrmann
1920: «Resolute», overstyrmann. Vann America’s Cup.
1920-åra: «Carolina», «Queen Mab», «Lynx» og «Vanitie»
1930: «Weetamoe», kaptein
1930–32: «Vanitie», kaptein
1934: «Weetamoe», kaptein
1935: «Yankee», kaptein
Engel var den fyrste frå Tysnes me kjenner til som segla som mannskap på amerikanske lystjåttar. Han avslutta karriera i 1937.
Engel var òg kalla Coconut John.
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
W
Williamson, John/Jon (i USA)
Brattetveit, Johannes (i Noreg)
F: 1910 D: 1996
Frå: Litle Brattetveit gnr.: 53 brnr.: 2
Var jåttseglar kring 1930. I 1935 var han mannskap på «Yankee».
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
X
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
Y
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
Z
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
Æ
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
Ø
Økland, Rasmus J.
F: 1885 D: 1969
Frå: Økland gnr.: 117 brnr.: 2
Segla på jåttar.
Økland, Torvald Kristian
F: 1902 D: 1979
Frå: Teigland gnr.: 88 brnr.: 8
I mannskapslista til «Weetamoe» 1930 finn me Tarvald Teigland. Det kan vera same person, men er usikkert.
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
Å