Godt samarbeid med Sunnhordland museum

Venelaget for jåttseglarane og Sunnhordland mueseum har eit godt samarbeid. Frå venstre: Kjell A. Lunde (Venelaget), konservator Per Øyvind Østensen, dagleg leiar Jane C. Særsten Jünger, museumsrådgjevar Trine Kyvik og Hans Ole Dalland (Venelaget).

Venelaget for jåttseglarane frå Tysnes hadde i sommar besøk av tilsette ved Sunnhordland museum. For Venelaget har museet heilt sidan laget vart skipa i 2009 vore ein viktig samarbeidspartnar. Museet  er fagleg rådgjevar og har med sin  kompetanse m. a. gjeve god hjelp under oppbygginga av utstillinga i flytenaustet i Våge. Den har mange sunnhordlendingar sett etter opninga i 2010.

 Den gode kontakten med museet vert viktig også i framtida. Difor var besøket i sommar ei nyttig oppfølging av samarbeidet med tanke på  vidare utvikling og drift.

Plassmangel

Representantar frå Venelaget møtte museumsfolka på Halhjem. Under ferjeturen med M/F “Selbjørnsfjord”  til Våge fekk dei sjå montasjen om jåttseglarane i den eine salongen på ferja. Den hadde dei ikkje sett tidlegare. I flytenaustet fekk dei sjå utstillinga. Der kunne dei  registrera at det er plassmangel når utstillinga, kiosken og turistinformasjonen skal dela  plass, noko som ein må finna ei betre løysing på til neste sommar.

Digitalisera

Før delegasjonen frå museet reiste tilbake til byen Stord, vart Venelaget  og museet sitt samarbeid og planar vidare diskutert.  Ved museet har dei no fått ein utvida ressurs, som kommunane i Sunnhordland  skal få nytte av. Dette er noko Venelaget vil få glede av i og med at éin av dei tilsette ved museet skal digitalisera artiklar, reportasjar og anna skriftleg materiell som Venelaget disponerer. Dette vil i neste omgang verta tilført Venelaget si nettside (jaattlaget.com/en).

Trine Kyvik var tidlegare i haust i Flytenaustet i Våge, der ho fotograferte alt som finst på utstillinga om jåttseglarane. No har ho allereie digitalisert det fyrste materiellet. Kjell A. Lunde i Venelaget hadde med permar til henne då ho var i flytenaustet.

One thought on “Godt samarbeid med Sunnhordland museum

  1. Kjell Magnes tre artikler om Norwegian Steam er kun på norsk. Noen sjanse for at Jåttlaget kan bidra til å få den over på engelsk til Americas Cup 2017? Det samme gjelder hans gode utkast til film om samme tema, den bør ferdigstilles til AC 2017!
    Har dere vært i kontakt med Hordamuseet rundt en utstilling om Lystseilas i gamledager her vest ??

    mvh
    Jan-Erik Sverre

Legg igjen en kommentar til Jan-Erik Sverre Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.