Forfatter: Knut Arne Grøteide
-
Avslutta sesong for “jåttseglarane”
Turistsesongen er for lengst avslutta for i år, og det er stilt i flytenaustet i Våge. Der er òg sesongen for jåttutstillinga avslutta. No er både bilete, dei tre “jåttseglarane” (dokkene), båtmodellane og anna som ikkje har godt av fukt gjennom vinterhalvåret nyleg flytta til eit godt lagringsrom ein annan stad i bygda. I juni…
-
Populært Sundagsakademi
Det var fullsett i biblioteket i Tysneshallen sist sundag. Vel 80 personar frå heile Tysnes møtte fram for å få med seg programmet i Sundagsakademiet, som denne gonen hadde eit maritimt innhald. Førsteamanuensis Per Kristian Sebak ved Bergen Sjøfartsmuseum hadde fyrste del av programmet, der han heldt eit interessant foredrag om Den norske Amerikalinje. I…
-
Sundagsakademiet
På Sundagsakademiet 5. oktober vil førsteamanuensis ved Bergens Sjøfartsmuseum Per Kristian Sebak fortelja om Den Norske Amerikalinjen og kva den har hatt å seia for norske sjøfolk . Sebak har tidegare besøkt jåttutstillinga i Flytenaustet i Våge som har hatt ei eiga utstilling med fokus på Den Norske Amerikalinjen, og har uttrykt seg rosande om…
-
Elevar på jåttutstilling
Alle 6. klassingar på Tysnes har tidlegare i september vore i flytenaustet i Våge og sett jåttutstillinga. Dette er eit tilbod Venelaget for jåttseglarane har gjeve 6. klassingane dei seinaste åra like etter at nytt skuleår har starta. Både Venelaget og Sunnhordland museum meiner det er viktig å formidla denne kunnskapen om dei mange tysnesingene si…
-
Jåttutstillinga er på plass i flytenaustet.
Etter vinterlagringa i eit tørt rom ein anna stad i bygda er både bileta, dei tre «jåttseglarane» i fullt utstyr, modellane av «Rainbow», jakta «Anna Maria», oselvaren og alt det andre no stilt ut, slik det har vore dei tidlegare sesongane. Mange har allereie sett utstillinga, og Venelaget for jåttseglarane veit om grupper som vil…
-
Den årlege sommarlege «Kick off» for turistvertar i Sunnhordland var i år på Tysnes
Den årlege sommarlege «Kick off» for turistvertar i Sunnhordland var i år lagt til Tysnes. Torsdag 12. juni var utsendingane frå dei ulike kommunane samla i Mandelhuset i Våge. Der informerte dei kvarandre om sine kommunar og dei opplegga/tilboda den enkelte kommune har for turistane. Før møtet og samlinga i Mandelhuset fekk dei frammøtte ei…