The
Norwegian Steam
frå Tysnes

Kva var The Norwegian Steam?

I eit halvt århundre var norske sjøfolk – ikkje minst frå Tysnes – mannskap på amerikanske segl-yachtar under verdsberømte seglasar, som America’s Cup. Vår oppgåve er å fortelja soga om dei segnomspunne sjøfolka.

Seglarane

På 1930-talet hadde kring 250 tysnesingar fast hyre på amerikanske seglbåtar, mesteparten av dei frå dei nordlege delane av Tysnes, frå Malkenes i aust, til Våge i vest. Meir

Kvifor «jått»

Ordet «jått» er den dialektale forma av «yacht», som til liks med andre engelske ord, tok feste hjå mange av jåttseglarane på Tysnes. Somme av dei emigrerte òg til USA. Meir

Bakgrunnen

Ein del tysnesingar investerte i løpet av 1800-talet i fraktbåtar. Sluppar og ei blanding av briggar og skonnertar var snart eit vanleg syn i området. Meir

Jåttutstillinga

Jåttutstillinga i Tinghuset i Uggdal byr på eit fint utval av gjenstandar, framsynings-materiell og informasjon om America’s Cup og The Norwegian Steam. Meir

America’s Cup

Ingen norske farty deltok i America’s Cup, men mang ein amerikansk båt hadde norsk besetning, noko som bidrog til at norske sjøfolk vart ein avgjerande faktor i cupen. Meir

Multimedia

Me har laga ei lita samling med fotografi, video-klipp og lyd-snuttar du kan bla i og nyta. Gjer vel og ta ein nærare kikk her.

Nordmenn i amerikansk seglsport

The Norwegian Steam

Utover 1870- og 1880-talet vart nemleg mange skandinavar, med stor overvekt av nordmenn, hyrte som kapteinar, styrmenn og mannskap på dei amerikanske båtane. Gjennom gode prestasjonar fekk dei frå 1893 til 1937, altså i nesten 50 år, høve til å spela hovudrolla i kampen om det største innan seglsporten: America’s Cup. Faktisk finn ein dømer på nordmenn i America’s Cup heilt fram til 1974.

Norwegian Steam-videoen

Ta ein kikk på denne videoen, som fortel historia om Tysnes og The Norwegian Steam. Merk at den omtalte jåttutstillinga sidan er flytta til ny adresse – i Uggdal. Sjå denne sida for detaljar om utstillinga.

“Imponerende samling – resultat av et stort arbeid. Interessant og lærerikt å se detaljer fra The Norwegian Steam-eventyret. Utstillingen er inspirasjon til NSFs Norsteam-prosjekt.”

Peter L. Larsen

President i Norges Seilforbund
(om Jåttutstillinga, august 2010)

Støtt Jåttlaget

Me treng hjelp til å halda liv i arven etter jåttseglarane frå Tysnes. Sjølv den minste gåve er til stor hjelp.

❤️

Bankkonto: 3525.22.46175

VÅRE STØTTESPELARAR