Den årlege sommarlege «Kick off» for turistvertar i Sunnhordland var i år på Tysnes


Den årlege sommarlege «Kick off» for turistvertar i Sunnhordland var i år lagt til Tysnes.

Torsdag 12. juni var utsendingane frå dei ulike kommunane samla i Mandelhuset i Våge. Der informerte dei kvarandre om sine kommunar og dei opplegga/tilboda den enkelte kommune har for turistane.

Før møtet og samlinga i Mandelhuset fekk dei frammøtte ei orientering i flytenaustet om turistinformasjonen ved Vibeke Stoltz og Silje Lunde.

Frå Venelaget for jåttseglarane fortalte Hans Ole Dalland om jåttutstillinga og delte ut jåttbrosjyren, som no blir spreidd rundt til turistinformasjonane i Sunnhordland.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.