Jåttutstillinga er på plass i flytenaustet.

Silje Baldersheim Totland er mellom dei unge turistvertane i flytenaustet/turistinformasjonen.
Silje Baldersheim Totland er mellom dei unge turistvertane i flytenaustet/turistinformasjonen.

Etter vinterlagringa i eit tørt rom ein anna stad i bygda er både bileta, dei tre «jåttseglarane» i fullt utstyr, modellane av «Rainbow», jakta «Anna Maria», oselvaren og alt det andre no stilt ut, slik det har vore dei tidlegare sesongane.

Mange har allereie sett utstillinga, og Venelaget for jåttseglarane veit om grupper som vil ha omvising i løpet av sesongen. Dessutan skal alle 6. klassingane i kommunen få både omvising, orientering  og godt høve til å få læra ein del om jåttseglarane når nytt skuleår startar.

Venelaget har no fylgjande om jåttseglarane frå Tysnes: Utstillinga i flytenaustet/turistinformasjonen, brosjyre som var ny i fjor, montasje i den eine salongen til «Selbjørnsfjord» jåttsong og nettside, som også har engelsk versjon.

Nye medlemer er komne til, og elles er det gledeleg for laget at kommunen støttar laget med tilskot dei komande åra.


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.