Torsdag 10. Oktober var det medlemsmøte i Bømlo sjømannsforeining. Dei hadde invitert Jåttlaget til å halda foredrag. Hans Ole Dalland, Kjell Arthur Lunde, Anders Bakke og Knut Arne Grøteide reiste til Langevåg og møtte omlag 40 personar som hadde møtt fram for å høyra historia.
Me fortalte om Jåttlaget og tysnesingar i Amerikansk seglsport. Og me snakka om Ole Vorland og Ingvald Vespestad frå Bømlo som begge segla med Yankee i 1935 saman med mange frå Tysnes. Far til Ole, Hans Vorland, var og jåttseglar ei tid. Han var mannskap på skonnerten Atlantic i 1905 då denne vann ein kappseglas frå Amerika til England. Dei kryssa Atlanteren på vel 12 dagar og sette rekord. Ein rekord som stod i omlag 100 år.
Ein av tilhøyrarane, Alf Helge Samdal, kunne fortelja at far hans, John Samdal, også segla på jåttar. Han viste fleire fotografi av faren og av jåttar. Ut i frå fotografia kunne det sjå ut som faren også segla saman med tysnesingar ei tid. Til slutt var det allsong leia av Anders, og då var det sjølvsagt visa om jåttseglarane. Etterpå var det mat og åresal. Hans Ole vann hovedgevinsten.
Bømlo-nytt stilte også og laga ein flott reportasje.
Legg igjen en kommentar