Jåttseglarane til M/F «Kommandøren»

Montasjen om jåttseglarane frå Tysnes er no borte frå salongen i M/F «Selbjørnsfjord».

Dei som har reist med ferja den seinaste tida har truleg registrert at veggen med denne montasjen er tom. Tysdag 10. desember vart nemleg montasjen teken ned av medlemer i Venelaget for jåttseglarane. Fram til M/F «Kommandøren» kjem i drift frå årsskiftet, er montasjen lagra i eit lokale i Våge.

Det var hausten 2011 at montasjen kom på plass i den eine salongen til M/F «Selbjørnsfjord». I løpet av desse åra har mange hatt glede og interesse av å lesa om og sjå bileta om dei mange tysnesingane som markerte seg så sterkt i amerikansk yachtsegling og America`s Cup i perioden 1900-1940. Venelaget har gjennom desse åtte åra fått mange hyggelege tilbakemeldingar på at montasjen og soga om jåttseglarane har gjort lukke.

Når M/F «Selbjørnsfjord» no skal i eit nytt samband, var det naturleg at jåttseglarane får plass i den nye ferja M/F «Kommandøren». Det er her i vårt lokale område dei høyrer heime og har aktualitet. Difor får reisande også i åra som kjem «reisefølgje» av dei staute og dyktige jåttseglarane.


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.