Skuletime i flytenaustet


Lærar Anny Gjøvåg og 6. klassingane ved Tysnes skule utafor flytenaustet.

 

 

 

 

 

 

 

 

Kvar haust får 6. klassingane koma til flytenaustet i Våge og læra om dei mange tysnesingane som var jåttseglarar i USA i perioden 1900-1940.

Venelaget for jåttseglarane synest det er viktig at dei som er unge i dag får litt kunnskap om dette spennande kapittelet i Tysnes si nyare soge.

No har dei som går i 6. klasse dette skuleåret vore i flytenaustet og sett utstillinga og elles fått høyra om kva livet som jåttseglar handla om.

Elevane synte god interesse, stilte spørsmål og syntest det var kjekt å syngja «Jåttsongen», som er skriven av Anders Bakke med melodi av Kolbjørn Tvedt. Dette er alltid eit triveleg innslag.

For 6. klassingane ved Tysnes skule var det ekstra interessant denne gongen då assistenten deira, Jannicke Horne Peters, fortalde at oldefar hennar var ein sentral person i det amerikanske seglarmiljøet. Oldefaren Gunnar Gjerstad (Gunnar på Haugen), var éin av dei mest kjende og dugande av jåttskipperane frå Tysnes. Gunnar opplevde til og med å møta og hjelpa president Franklin D. Roosevelt då han ein gong som marineminister leigde båten «Squaw». Den gongen var Gunnar om bord i denne båten.

Då skuletimen i flytenaustet var over, fekk dei kjekke 6. klassingane servert skulebollar og vart fotograferte før dei rusla tilbake til skulen.

Tekst/foto: Hans Ole Dalland

One thought on “Skuletime i flytenaustet

  1. Er det mulig for andre også å se utstillingen nå i høst? F.eks nå til helgen ?

    Mvh
    Jan-Erik Sverre

Legg igjen en kommentar til Jan-Erik Sverre Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.