Skulebesøk i flytenaustet


I årsmeldinga til Venelaget no i mai blir det m. a. nemnt at alle 6. klassingane på Tysnes også i fjor haust fekk ein «skuletime» i Flytenaustet.

Også denne hausten vart 6. klassingane på Tysnes inviterte til omvising i flytenaustet. Som tidlegare år synte elevane og lærarane god interesse for utstillinga om jåttseglarane. Fleire av elevane stilte gode spørsmål og gav uttrykk for at dette er noko dei synest er spennande.

Eit innslag under «skuletimen» i flytenaustet som elevane alltid likar godt er når «Jåttsongen» blir spelt, og dei får syngja med. Då ljomar det godt og stemningsfullt i det gamle naustet, som ein gong tilhøyrde Engel Vaage. Han som fyrst kom inn i  amerikansk seglsport på toppnivå og som byrja å rekruttera tysnesingar til mannskap på kjende jåttar som «Yankee», «Rainbow», «Ranger», «Enterprise» og mange, mange andre.

No skal skulane som har 6. klassingar få ein cd med «Jåttsongen», slik at dei kan syngja songen også på skulen. Tekstforfattar Anders Bakke og tonesetjar Kolbjørn Tvedt  har gjort lukke med denne songen.

Bilettekstar:

Den dagen elevane ved Tysnes skule besøkte utstillinga regna det kolossalt, så det var mest uråd å ta bilete utafor flytenaustet. Men dei var tøffe og stilte opp til fotografering.

Frå Onarheim skule var også 5. klassingane med.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.