Nytt frå årsmøtet i Venelaget for Jåttmuseum


Årsmøtet i Venelaget for Jåttmuseum vart halde i Tysnes bedehus 10. mai 2014.

Venelaget har 44 medlemmer.

Det møtte 10 medlemmer til årsmøtet. I tillegg møtte ordførar Hestad, etter invitasjon frå styret.

Det var ingen merknader til årsmeldinga.

Fleire meinte at det er fint at styret går ut over sitt primærområde. Det vart peika på den gode kontakten styret har med Bergens Sjøfartsmuseum, og som har resultert i eit monter om jåttseglarane frå Tysnes- i utstilliga – Den norske Amerikalinje 100 år.

Deutsch: Statsraad Lehmkuhl in Reykjavík.Styret har samla 5 soger om krigsseglarane frå Tysnes.På årsmøtet vart det understreka kor viktig det er at soga om krigsseglarane vert teke vare på, og styret vart oppmoda om ta kontakt med Sunnhordland Museum om eit nytt intervju. Vidare fekk styret ros for ha teke initiativ til å få «Statsraad Lehmkuhl» til Våge 22. juni 2015.

Styret får elles stadig tilbakemeldinger om den vellukka montasjen på ferja « Selbjørnsfjord»

Styret har vore:

Leiar: Hans Ole Dalland
Nestleiar/sekretær: Kjell A. Lunde
Kasserar: Olaf Kalgraf

Varafolk:

Anders Bakke
Turid Teigland
John Johnsen

Revisor: Egil Lande Valnemnd: Lars Petter Epland og Hans- Eivind Lande

Styret består av 3 medlemmer, Leiar, nestleiar/sekretær og kasserar. Desse skal veljast for 2 år, der vekselvis 1 og 2 er på val. I 2014 var nestleiar/sekretær og kasserar på val.

Varafolk, revisor og valnemnd er på val kvart år.

Valnemnda gjorde framlegg om attval. Årsmøtet slutta seg samrøystes til valnemnda si innstilling.

Rekneskapen viser eit overskot på kr. 6.591.59. Rekneskapen vart godkjend. Venelaget er komen inn på Tysnes kommune sitt budsjett med kr. 12.000.- årviss i 4 år.

Knut Arne Grøteide vert nettansvarleg for heimesida.

Det er Sunnhordland Museum som er fagleg ansvarleg for utstillinga vår.

Os, 19. mai 2014
Kjell A. Lunde

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.