Referat – Årsmøte for Venelaget for jåttseglarane 26.09.26
- Til stades: Heile styret minus Olav Kalgraf og valnemnda. I tillegg var Knut Arne Grøteide, Hallgeir Kismul, Carl Morten Bårdsen og Henrik Lande til stades.
- Arsmøtet vart helsa velkomen av Hans ole og deretter song me Jåttesongen. Møte vart avslutta med kaffi og drøs.
- Innkallinga godkjent.
- Hans Ole las opp årsmeldinga. Årsmeldinga godkjent!
Rekneskap:
Ca. kr. 20 000 på konto. Har fått 17500 frå Tysnes kraftlag. (Olav ikkje til stades). Olav vil gi seg som kasserar, men han vil bidra med hjelp enda ei stund.
- Nestleiar/sekretær Kjell Arthur Lunde gir seg og fekk blomehelsing og takk for fantastisk innsats for laget heilt frå det vart starta i 2010. Arbeidet hans har vore heilt avgjerande for alt me har fått til i desse 16 åra.
- Kasserar Olav Kalgraf, som ikkje kunne møta, går òg ut av styret, men han har sagt seg viljug til å bidra med kasserarhjelp. Blomsterbukett og takk også til han.
- Turid Teigland som har vore med i styret frå starten av fekk bursdagspresang(bok).
Val:
- Han Ole Dalland vart vald som leiar i eitt år ved akklamasjon, det same gjaldt varafolket (Turid Teigland, Anders Bakke og John Johnsen) for eitt år og valnemnd (Kjell A. Lunde og Olav Kalgraf) .
- Henrik Lande og Karl Morten Bårdsen vart valde som nye styremedlemmar for to år. Styret vert endeleg konstituert ved neste styremøte.
- Anders bakke lanserte ideen om å skriva ei bok om tysnesingane som var jåttseglarar i Amerika. Ideen hausta svært god respons. Underteikna snakka same dag med Henrik Bakke som ogsa var veldig positiv til eit slikt tiltak. Han sa også at han gjerne vil bidra i arbeidet med ei slik bok.
- Det er naturleg at denne saka vert teken opp på neste styremøte, og at me då finn ein dato for fyrste møte for ein redaksjonkomite med dei som ynskjer å arbeida med dette prosjektet. Redaksjonskomiteen må då finna fram til ein struktur/kapittelinnleiing og fordela arbeidet slik at ein kan jobba mest mogleg effektivt og målretta. Format, layout og bruk av bileter samt finansiering er tema som også må takast opp. Kanskje må det avgjerast om det skal veljast ein komiteleiar
Skrivar
Anders Bakke



Legg igjen en kommentar