Laurdag 26. Oktober heldt Os Seilforening årsfest i Oselvarnaustet. Jåttlaget var invitert til å halda foredrag. Men før Anderes Bakke, Kjell Arthur Lunde og Knut Arne Grøteide fekk sleppa til var det premieutdeling til foreininga sine medlemer som hadde gjort det bra på regattabanen i nyare tid.
Etter at premieutdelinga var over vart tida skrudd tilbake og me fortalte om korleis det var då tysnesingar og andre nordmenn segla som mannskap på amerikanske segljåttar for rundt 100 år sidan. Her hadde me eit publikum som hadde greie på seglsport og det såg ut til at vår historie vekte interesse. Det vart noko mumling i salen då Anders nemnde at Ranger, i 1937, segla med ein spinaker på vel 1600 kvm. Ein stor seglebåt på 35-40 fot har i dag gjerne ein spinaker på 80-100 kvm, noko som kan vera krevjande nok i ein god bris.
Kjell Arthur snakka om America´s Cup i 20 og 30 åra. Hermod Opstvedt, i Os Seilforening, supplerte med å fortelja om det 37-ande America´s Cup som nyleg vart avslutta i Barcelona. I den samanheng nemnde han at det samstundes, i det same området, var regatta for J klassen. Og at mange eksisterande J båtar kappsegla
Etter foredraget var det pizza og seinare kaffi og kaker. Og sjølvsagt segl-prat.
Takk for ein hyggeleg kveld i Oselvarnaustet !
Legg igjen en kommentar