Referat frå årsmøte 2016

CIMG8880
Frå venstre: Hans- Eivind Lande, Knut Arne Grøteide, John Johnsen, Olav Kalgraf, Leif Teigland, Turid Teigland, Hans Ole Dalland.

Referat frå årsmøtet 16. april 2016 i Tysnes bedehus

Det møtte 8 medlemmer til årsmøtet.

1. Opning.

Leiar i venelaget, Hans Ole Dalland, ønskte medlemmene velkomen til årsmøtet.
Som vanleg song dei frammøtte Jåttsongen. Teksten er av Anders Bakke med melodi av Kolbjørn Tvedt.

2. Val av møteleiar og referent.
Hans Ole vart vald til møteleiar, og Kjell A. Lunde vart vald til referent.

3. Godkjenning av innkalling og saklista.
Ingen hadde merknader til innkallinga. Saklista vart deretter godkjend.

4. Årsmelding
Kjell las årsmeldinga.
Det var ingen merknader til årsmeldinga.

5. Rekneskap.
Olav Kalgraf gjorde greie for rekneskapen. Rekneskapen viser eit overskot på kr. 7.990.- Årsmøtet hadde ikkje merknader til rekneskapen.

6. Val.
Styret i Jåttlaget har vore: Leiar Hans Ole Dalland Varafolk: Anders Bakke
Nestleiar/sekretær Kjell A. Lunde Turid Teigland
Kasserar: Olav Kalgraf John Johnsen

Etter vedtektene skal leiar, nestleiar/sekretær og kasserar veljast for 2 år, der vekselvis 1 og 2 er på val.
På årsmøtet var nestleiar/sekretær og kasserar på val, og varafolket.
Hans-Eivind Lande las valnemnda si innstilling. Valnemnda gjorde framlegg om attval. Årsmøtet slutta seg til valnemnda si innstilling.

7. Ymse – innkomne forslag
Hans Ole opplyste at det ikkje var kome inn forslag til styret.

Leiaren gav ordet fritt.
Leif Teigland fortalde om si tid som seglar i Amerika. Mannskapet måtte i fritida opphalde seg forut for masta. Når mannskapet kom om bord, måtte dei stige om bord på babord side. Dei hadde eìn flyttbåt for eigarane, og eìn for mannskapet. Leif
kjende til New York Yacht Club som ein konservativ klubb.

Hans Ole kunne opplyse at Jarle Petterson og han sjølv no har sendt brev New York Yacht Club, for å høyre om dei er interessert i at laget vårt på ymse vis bidrar i høve klubben sitt 175 – årsjubileum.

Asgeir Hope, Sagvåg har skrive brev til Jåttlaget. Han ønskjer å møte styret i laget for å vise fram materiellet han har etter bestefaren, Olai Hope, og dei to onklane, Lars og Thorvald Hope. Kjell har snakka med Asgeir. Slik det no ser ut, kan me få tilført meir materiell til utstillinga vår. Møtet vil finne stad når Jåttlaget har fått på plass utstillinga i Flytenaustet til sumaren.

10 bilete frå boka om Ørkenen Sur, vert også å sjå når utstillinga vert opna.

Os, 21.04. 2016

Kjell A. Lunde


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.