Alle 6. klassingar på Tysnes har tidlegare i september vore i flytenaustet i Våge og sett jåttutstillinga. Dette er eit tilbod Venelaget for jåttseglarane har gjeve 6. klassingane dei seinaste åra like etter at nytt skuleår har starta.
Både Venelaget og Sunnhordland museum meiner det er viktig å formidla denne kunnskapen om dei mange tysnesingene si rolle i amerikansk seglsport i perioden 1900-1940. Sunnhordland museum er fagleg rådgjevar og viktig samarbeidspartnar for Venelaget.
For Venelaget er det triveleg å ha elevane på besøk i flytenaustet. Inntrykket er at dette er noko dei synest er interessant. Elevane var engasjerte, følgde godt med, stilte spørsmål og oppførte seg heilt fint. «Jåttsongen» til tekst av Anders Bakke og melodi av Kolbjørn Tvedt er alltid populær under «skuletimen» i flytenaustet. Når cd-en med denne songen blir sett i gang, blir det alltid god stemning. Gruppa på biletet under vart så begeistra for «Jåttsongen» at dei ville høyra den og syngja med tre gonger. Slikt er kjekt å oppleva og må vera stas for Anders Bakke og Kolbjørn Tvedt å registrera.
Legg igjen en kommentar