Jåttseglarane frå Tysnes vann seg ikkje berre ry på heimstaden og i det eksklusive jåttmiljøet. Dei var kjende og høgt akta mange stader på vestlandskysten. To artiklar frå tida etter krigen – i Bergens Tidende (1946) og Haugesunds Dagblad (1957) – vitnar om dette. I begge er Gunnar Gjerstad løfta fram som ein av dei store heltane.
Under tittelen «I want to be a sailor, a sailor on the sea» trykkjer Bergens Tidende den 8. juni 1946 eit fyldig portrettintervju med Gunnar Gjerstad – også kjend som «Sandpaper Gust» (han kalla seg Gust Olsen i Amerika). Journalisten vitjar han heime på Gjerstad og tek også turen oppom Hans Henriksen Lande på garden hans på Lande. Dei to hadde segla saman ved fleire høve. Begge vart æra med ei fin teikning i avisa (sjå over). Eit drygt tiår seinare, 9. april 1957, er det Haugesunds Dagblad som bankar på hjå Gunnar på Haugen. Dette året fyller «Captain Gust», som han også vart kalla, 70 år. Jubilanten likar ikkje publisitet og er skeptisk til pressefolk. Men då han får vite det er Haugesunds Dagblad får pipa ein annan lyd:
Jeg har seilt med haugesundere og Karmøy-folk hele mi tid og det er reale folk og flinke sjømenn. Værsågod kom inn.
Begge artiklane tek for seg dei mange båtane desse karane segla med på ulike tidspunkt. Det er for mange detaljar til å rekne opp her. Mannskapslista her på jåttlaget sine sider gir meir informasjon.
Arven etter Engel Vaage

I artikkelen i BT løfter både Gunnar Gjerstad og Hans Lande fram Engel Vaage som føregangsmann og inspirator. Kjend som John Christensen i USA og «Coconut John» i seglmiljøet, var han «skuld i» at så mange tysnesingar vart engasjert i jåttseglinga. Dette vart ein viktig leveveg for mange, fortel Hans Lande:
I gamle dager hadde vi Nordlandstrafikken, men ettersom om vi ikke hadde industri eller annet å slå oss på her på øya da denne var slutt, ble det USA og yachting. Coconut John var den første her fra bygden, han trakk med de andre.
I 1920 vann John Christensen America’s Cup med «Resolute». Storparten av mannskapet kom frå Noreg, ni av desse frå Tysnes. Gunnar Gjerstad var andrestyrmann om bord.
– Han var den beste seiler og han smittet alle oss andre, fortel Gunnar til BT, og:
Det var gutt som klarte brasene og fikk andre til å hoppe oppi med begge bena!
Teksten held fram etter bileta (som er klikkbare, for større attgjeving).




Fekk ikkje has på Vanderbilt
Jåttsegling er ein risikosport, og det hadde Gunnar Gjerstad førstehands erfaring med. To gonger hadde han vore med på mastehavari, det eine omtalt i ein artikkel her på jaatlaget.no. I 1934 fekk han foten stygt kvesta som skipper om bord på «Yankee», fortel han til journalisten i BT. Det enda med gipsbandasje og tolv dagar på sjukehus. Dette var like før det skulle seglast uttakingsregatta for å avgjere kva amerikansk båt som skulle forsvare America’s Cup. Då var Gunnar om bord i «Yankee» igjen – på krykker. Her vart dei slått med eitt fattig sekund av «Rainbow», eigd av den kjende industrimagnaten Harold S. Vanderbilt. Det vert enno diskutert om dette gjekk rett føre seg. Om bord i «Yankee» var det den amerikanske marineministeren Charles Francis Adams som hadde kommandoen1. Etterpå skal Adams ha uttalt at «Yankee» hadde vunne om ikkje Gust hadde skada foten, kan me lese i BT-artikkelen.
Uansett, «Rainbow» gjekk vidare og vann til slutt America’s Cup i 1934. Harold Vanderbilt vann også i 1937 med «Ranger». Dette var siste gong America’s Cup vart arrangert med J-klasse-båtar.
– Vanderbilt fekk jeg aldri has på, lyt Gunnar vedgå til Haugesunds Dagblad.
Triumf på Bjørnafjorden
Tidleg på 30-talet var Gunnar heime på Tysnes og bygde hus. Men ryet hans som seglar gjer at me då finn han til rors også i heimlege farvatn. Han minnest særleg ein regatta på Bjørnafjorden i 1932, då han var om bord på tolv-meteren «Symra», eigd av bergensaren Aksel Isdahl. Dei segla frå Godøysund forbi Bjørnatrynet, opp til Blio – eit skjer utom Korsneset i Fana – og attende til Godøysund. I skarp konkurranse med «Irina V», eigd av Georg von Erpecom, vann dei seglasen og dermed pokalen «Haugevardane» til odel og eige. Gunnar minnest dagen med glede.
– Det var stas den gang, husker jeg, og god stemning og selveste kronprinsen var til stede, fortel han til Haugesunds Dagblad.
I gards- og ættesoga for Tysnes kan ein lesa at den seglinteresserte kronprins Olav og kronprinsesse Märtha ved dette høvet budde i den såkalla Prinsehytta på Solstråleøya, då eigd av kongefamilien.
Hjelpte F.D. Roosevelt å bada
I begge artiklane vert Gunnar Gjerstad spurd om det er episodar frå jåttseglinga som særleg har festa seg. Og i begge kan me lese om møtene med president Franklin D. Roosevelt. Som kjent var Roosevelt delvis ufør på grunn av poliomyelitt, og legane hadde rådd han til å ta sjøbad tre gonger for dagen. Då Gunnar møtte han første gong var han skipper på «Squaw», eigd av John S. Lawrence, ein rik forretningsmann i Boston og ein gamal ven av Roosevelt2. Roosevelt, som då var vise-marineminister, hadde lånt båten til rekreasjon. Gunnar fortel:
Tre ganger om dagen puttet vi ham i en båtmannsstol og lempet ham på sjøen, og vel nede i det våte element svømte han i vei nesten som ingenting. Han var en ualminnelig tiltalende kar og meget avholdt av alle om bord.
Til Haugesunds Dagblad fortel Gunnar at dette ikkje var einaste gongen dei møttest. Då Roosevelt seinare vart president, var han i 1934 på ein visitt om bord i «Yankee». Han ba då Gunnar gje seg ei hand då han skulle gå om bord.
– Jeg ble litt brydd, fortel Gunnar.
– Men da smilte Roosevelt til de andre og sa:
He has carried me in his arms before.

Takk til Anders Legland og Øyvind Epland for tilgong til dei gamle avisene.
Toppfoto frå Bergens Tidende 8. juli 1946: Med artikkelen i BT følgde ei teikning av dei to intervjuobjekta. Den er utført av Ragnvald Jørgensen, som også skreiv artikkelen. Han var journalist i Bt 1923–69, og illustrerte ofte sine eigne artiklar og intervju..
- Om bord på båtane var eigarane representerte med ein såkalla «afterguard». Charles Francis Adams leia denne på «Yankee» i 1934 og hadde formelt øvste kommando. I praksis var det Gust Olsen som var skipper, med tittelen «Sailing Master». ↩︎
- Det var John S. Lawrence som organiserte syndikatet som fekk bygd «Yankee» i 1930. ↩︎


Legg igjen en kommentar til Jarle Petterson Avbryt svar