Våren 2025 er det 100 år sidan ein ungdom frå Tysnes reiste over Atlanterhavet til Amerika på noko uvanleg vis. Det vanlege på den tida var å reisa med Amerikabåten frå Bergen, ein tur som tok ti–tolv døger. Denne ungdomen valde ein seglas som tok fire gonger så lang tid, og som var langt mindre komfortabel.
Lars Andreas Nilsen Gjerstad var fødd i Brooklyn i Amerika i 1905. Far hans, Lars A. Nilsen, vaks opp på Gjerstad, og var først sjømann. Seinare arbeidde han som hamnearbeidar i Brooklyn, og der gifta han seg i 1904 med Anna Elizabeth Gill frå Sørlandet. Dei fekk fire born, og familien budde fyrst i Brooklyn, men etter nokre år flytta dei til Tysnes. Mora og borna budde ulike stader i Tysnesbygda i mellomkrigsåra, medan faren var amerikapendlar, som mange andre på denne tida. Då sonen Lars vart konfirmert hausten 1920, budde familien i Vee.
Verftet Anker & Jensen
Lars snakka mykje om at han ville attende til Amerika, meir enn det som var vanleg, og han fekk difor tilnamnet «Amerikanske Larsen» blant ungdomane i heimbygda. No var det slik at billetten til Den Norske Amerikalinjen kosta meir enn Lars kunne klara å skaffa, men våren 1925 dukka det opp ei moglegheit for han.

Louis Nilsen (i USA)
Ved Vollen i Asker heldt verftet Anker & Jensen til. Eigar var den kjende konstruktøren, båtbyggjaren og seglaren Johan Anker. Verksemda var kjend for å levera raske og smekre seglbåtar. Der hadde dei bygt fleire titals små og større regattabåtar til norske kundar, men òg for eksport. Verftet hadde blant anna levert fleire til Eastern Yacht Club-medlemer i Boston. Leiaren i klubben, John S. Lawrence, hadde hausten i førevegen bestilt ein skonnert-jått hos Anker. Den var teikna av amerikanaren William Starling Burgess, og fekk namnet «Advance», og den skulle seglast over Atlanteren, for deretter å delta i regattaer der.

Utsøkt kvalitet
Til denne transportetappen skulle det nyttast norsk mannskap, og det var her det opna seg ein sjanse for Lars. Men korleis kom han i kontakt med folka i Asker? Tidleg på 1920-talet eigde Lawrence segljåtten «Squaw», der ein anna tysnesing, Gunnar Gjerstad, var kaptein. Eg er viss på at Gunnar kjende til nybygget i Asker, for han var tiltenkt rolla som kaptein på den nye båten òg, men ikkje før den kom til Boston. Kan henda hadde Gunnar høyrt om denne ungdomen med slekt på nabogarden heime på Gjerstad? Det kan tenkjast at dette på eit eller anna vis førte til at Lars fekk hyre på «Advance».
Eg vil tru Lars vart imponert då han 19 år gamal kom til Vollen og såg «Advance», som vart sjøsett 27. april. Skonnerten var større enn nokon båt dei hadde bygd ved Anker & Jensen, og kjøparen hadde ikkje spart på noko. Skroget var av mahogni på galvaniserte stålspant med stamnar av eik. Det var salongar og lugarar, dei finaste med toalett. Interiøret var forseggjort og kunstnaren Otto Valstad hadde dekorert veggene i nordisk stil. Ein generator med tilhøyrande batteri skulle syta for straum til lys og varme. Det var bysse og fire primusapparat til matlaging.

Proviant for 60 døger
Mannskapet bestod av åtte mann: kaptein Olaf Thonstad, styrmann Eivind Ouren, matrosane Alf Martinsen, Lorents Torkildsen og Olsen (fornamn ukjend). Øyvind Christensen og Halfdan Schrimer skulle begge fungera som kokk og matros. Ouren skriv at dei to sistnemnde var «kontoristar», noko som kan tyda på lite erfaring med sjølivet. Lars A. Nilsen Gjerstad var den einaste tysnesingen. Kva erfaring han hadde veit eg ikkje, men med tittel dekksgut kan det tyda på at dette var nokså nytt for han.
Før avreisa lasta dei om bord proviant for 60 døger, og fire vasstankar var fylte med dryge ti tonn vatn. Segla var levert av seglmakar Ratsey i England, og under dekk låg det ei mengd regattasegl. Til overfarten var det sydd mindre segl, som skulle tole det som kunne venta dei i Atlanteren. Skylight, dekkshus og cockbit var beskytta av kraftige trekassar, som var festa til dekket. Livbåten var ein middels stor pram. Styrmann Ouren uttalte etter turen at «Advance» med all denne lasta låg djupare i sjøen enn den burde, men at det trass i dette såg bra ut då dei vart taua ut av Vollenbukta 14. mai.
Lekkasje
«Advance» hadde ikkje motor, og sidan det var stille i Oslofjorden, fekk skonnerten slep til Filtvet, om lag 10 km sør for Drøbak. Deretter hadde dei to døger med roleg vind, og nytta tida til klargjering av slikt som ikkje var gjort før avreisa.
Ved Lister auka vinden til sør-søraustleg kuling, og kapteinen tok avgjerd om å segla nordom Orknøyane. Dermed ville dei unngå Den engelske kanal og skodda, som ofte låg der på den tida. Siste glimt av land fekk mannskapet ved Obrestad fyr ved Jæren 16. mai. På nasjonaldagen bygde det seg opp med grov sjø bakfrå, og karane fekk erfara at båten hadde gode eigenskapar i bylgjene. Somme var lite sjøvane, og fleire vart sjøsjuke, men det gjekk fort over. Med stormsegl logga dei 9,5 til 10 knop.
På denne tida oppdaga mannskapa at båten lak. Ikkje så mykje i starten, men det auka etter kvart, og dei måtte ausa opp til ti pøsar i timen, frå mann til mann, morgon og kveld. Slik heldt det fram heile vegen.
Vestleg vårstorm
No fekk «Advance» nokre døger med stille og disig vêr. Skonnerten dreiv med straumen mellom Orknøyane og Shetland. Kapteinen vurderte å gå i land for å bunkra vatn, men rekna ut at det var nok til drikke og matlaging, så dei kasta ikkje vekk tid på det. Vatn til kroppsvask måtte dei klara seg utan. I første del av Atlanterhavet hadde «Advance» moderat vêr og god vind. Dag ti passerte båten 25 grader vestleg lengd, og hadde då segla 1400 nautiske mil. Snittfarten må ha vore litt under seks knop, og Ouren gav i ettertid uttrykk for at dei var nøgde med dette i eit såpass lite seglfartøy.

I dette området møtte «Advance» ein vestleg vårstorm, noko dei trudde var forbi på denne tida av året. Det vart ein uroleg seglas og skonnerten slo i bylgjene. Det viste seg at trekassane som skulle beskytta luker og anna på dekk ikkje var festa godt nok nedtil, og overvatn tok til å trengja ned i fartøyet.
Alt vart vått: køyer, klede, møblar og segla som låg lagra. Dei hadde ikkje god nok oppvarming til å få tørka opp væta, og tyngda av alt vatnet som kom innabords førte til forverra seglevne. I eit forsøk på å halda seg tørre var det nokre karar som rigga til eit telt i kahytta til vern mot vatn som draup frå taket. Sjøane vart verre og det var så å seia umogleg å vera under dekk i slingring og væte. Menn som prøvde å kvila vart slengde ut av køyene. Kokken hadde ein vanskeleg jobb, og måtte av og til gje opp. Skonnerten kunne ikkje lenger stampa mot vêret og snudde akterenden til.
Med eit lite forsegl og to trosser akterover, for å bremse farten og dempa bylgjene, gjekk det greitt, men feil veg. I elleve døger kom den eine stormen etter den andre, og kursen gjekk i sørleg og austleg retning. Ei stund bar det beint nordover.
Stort isfjell
Det betra ikkje situasjonen at Torkildsen vart sjuk og sengeliggjande resten av turen, truleg magesår. No kom det godt med at vêret vart rolegare. «Advance» kom inn i eit område med mykje skodde, noko som ikkje gjorde tilhøva om bord mindre fuktige. Ei natt merka mannskapa at det var svært kaldt, og om morgonen passerte skonnerten eit stort isfjell på trygg avstand.
Etter dette hadde nordmennene vekslande vêr, for det meste vestavind. Kvelden 21. juni, i mørke og regn, fekk dei landkjenning nær fyra ved Halifax. Vidare hadde seglarane fint vêr, og det må ha vore godt å få kjenna varme og å få tørka kleda. Spegel og barbersaker kom fram. Skit i ansiktet fanst ikkje, det hadde sjøskvett vaska vekk. 26. juni nådde dei målet, og den nye jåtten fekk ei flott mottaking då den kom til Marblehead etter 43 døger i sjøen. Segl- og motorbåtar frå hamna kom ut og danna prosesjon, og frå land høyrdest kanonsalutt. Eigaren Lawrence kom ut i motorbåt og taua dei det siste stykket til Eastern Yacht Club si hamn. President Calvin Coolidge ferierte i Swampscott, like nord for Boston, og motorjåtten hans, «Mayflower», låg for anker like ved. «Mayflower» helsa med flagg og «Advance» helsa tilbake.
Kaptein Gunnar Gjerstad
Etter ei veke med klargjering ved verftet Lawleys returnerte «Advance» til Marblehead. Den var rigga på ein noko annleis måte enn det som var vanleg for slike skonnertar, og dette viste seg å gje gode resultat på regattabanen.

Gust Olsen (i USA)
Fyrste forsøk var ved den årlege regattaen til Eastern Yacht Club 4. juli, der «Advance» kom fyrst i mål, men vart slegen av «Queen Mab» etter korrigert tid. Lawrence hadde god grunn til å vera nøgd, for det vart mange gode resultat, både denne sesongen og sesongen etter. Gunnar Gjerstad var kaptein dei to fyrste åra, men under regattaer var det nok Lawrence som var øvste sjefen om bord. Gunnar valde ofte tysnesingar som mannskap, og sesongen 1926 var naboen frå Gjerstad, Gunnar Nilsen, stuert. Det kan ha vore fleire frå heimbygdene med, men det er dessverre ikkje kjend.
Nye seglturar over Atlanteren
Lars, eller Louis Nilsen, som han no kalla seg, heldt fram som jåttseglar, men eg veit ikkje om han segla vidare med «Advance» etter turen over dammen. Truleg har Lars segla på jåttar sommarhalvåret fram mot slutten av 1930 åra, men det er fyrst i 1930 eg finn han som matros på J-klassebåten «Weetamoe» som segla uttakingsseglasar framføre America’s Cup det året. No med tysnesingen Engel Vaage som kaptein. Våren 1935 var Lars med på «Yankee» si ferd frå Boston til England, også det ein båt i den kjende J-klassen. Og heile sommaren segla Lars regattaer, for det meste i England, men òg i Frankrike, og han var med på returen til Boston året etter. I 1940 arbeidde Lars på ein tankbåt, og han heldt fram som sjømann, men jåttperioden var over for dei fleste, truleg òg for Lars.

I 1938 var Lars attende i Noreg, og i denne venda gifta han seg med Anna Oline Tveit frå Hovland, men ekteparet vart buande i Brooklyn. Dei fekk ei dotter, men ingen barnebarn. Ekteparet skal ha vitja Tysnes tidleg på 1960-talet. Lars døydde i 1987.
Fakta om «Advance»
Type: Fore and aft-skonnert med bermudarigg
Lengde totalt: 26,8 m
Vasslengde: 20,13 m
Djupn: 3,66 m
Deplassement: 63 tonn
Blykjøl: 37 tonn
Seglføring: 600 m2
Mastehøgd: 33,5 m
Teikning: Burgess, Swasey & Paine, Boston
Kjelder:
- Nelly Leknes og Berhard Gjerstad
- Nordisk Tidende 9/7 1925
- Christiandsands Tidende 24/7 1925
- Seilas 1925 og 1926. Organ for Kongelig Norsk Seilforening
- Johan Anker, Linjenes mester, Elin Kragset og Ole Engen
- Enterprise to Endeavour, Ian Dear
- The Eastern Yacht Club, Joseph E. Garland.
- Tysnesingar i Amerika, Atle Tornes
Takk til Vollen historielag for gode råd.
Toppfoto: Ruta «Advance» segla over Atlanterhavet våren 1925. Kartskisse utlånt av Helga Nilsen Boland.
Legg igjen en kommentar