Tippoldeforeldre var jåttseglarar


Også hausten 2018 var 6. klassingane i kommunen på besøk
i flytenaustet i Våge og fekk høyra om tysnesingane som var
aktive i amerikansk seglsport.
Elevane synest det er interessant å få læra litt om dei mange tysnesingane som
var mannskap på «Yankee», «Weetamoe», «Rainbow» og alle dei andre
staselege seglbåtane i perioden 1900-1940. Tysnesingar fekk oppleva å vinna
America`s Cup. Det var svære greier.
Venelaget for jåttseglarane har i fleire år invitert 6. klassingane til ein time i
flytenaustet før utstillinga vert «pakka ned» og vinterlagra. I år vart det av ulike
grunnar litt seint, så stunda i naustet vart både kjøleg og gyngande i den friske
nordavinden. Dette tok elevane med godt humør og meinte dei fekk ei kjensle
av å vera i seglbåt når naustet gynga.
Den maritime skuletimen har eit variert innhald med mykje på programmet, og
det er alltid kjekt når elevane spør og er engasjerte. Nokre fortel at dei veit om
tippoldefedre som var jåttseglarar og aktive på andre måtar i amerikansk
seglsport. På Venelaget si nettside (jaattlaget. com/en) finst det også mykje om
jåttseglarane, m.a. videoen «The Norwegian Steam» som Jarle Petterson laga
til Venelaget tidlegare i år. Elevane får på denne måten bra kunnskap om denne
spennande og viktige perioden i Tysnes si nyare lokalsoge.
Tekst/foto:Hans Ole Dalland

6. klassingane frå Tysnes skule

Frå Onarheim skule var også 5. klassingane med.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *