Referat frå Årsmøtet


Referat frå årsmøtet i Venelaget 6. april 2019 i Tysnes Bedehus.
Det møtte 6 medlemmer ( som i 2018 ) til årsmøtet.

1. Opning. Leiar, Hans Ole Dalland, ønskte dei frammøtte velkomen til årsmøtet.

2. Val av møteleiar og referent.

Hans Ole Dalland vart vald til møteleiar, og Kjell A. Lunde til referent.

3. Godkjenning av innkallinga og saklista.Ingen hadde merknader til innkallinga. Saklista vart deretter godkjend.

4. Årsmelding
Kjell las årsmeldinga.
Det var ingen merknader til årsmeldinga.

5. Rekneskap.
Olav Kalgraf gjorde greie for rekneskapen. Utgifter i høve vitjinga til Juan Corradi, Pop – up – vegg, filmen «The Norwegian Steam» m.m kjem i tillegg til dei vanlegeutgiftene laget har kvart år. Underskotet vart difor kr. 949.12
Det var ikkje merknader til rekneskapen.
Det var pr. 30. mars 2019 kome inn kontiget frå 17 medlemer. Medlemene lyt betalekontigenten, dersom dei i framtida skal vere medlemer i laget.

6. Val.
Styret i Jåttlaget har vore: Leiar Hans Ole Dalland
Nestleiar/sekretær Kjell A.Lunde
Kasserar Olav Kalgraf

Varafolk: Anders Bakke,John Johnsen,Turid Teigland

Valnemnd: Hans Eivind Lande og Lars Petter Epland.

Etter vedtektene skal leiar, nestleiar/sekretær og kasserar veljast for 2 år, dervekselvis 1 og 2 er på val.
På årsmøtet var leiar på val, og det øvrige varafolket.
I skriv til styret har Hans Ole gjort uttrykk for at han berre ønskjer å vera leiar i eitt år.
Denne saka vart deretter teke opp under pkt. 7 Eventuelt.
Årsmøtet fylgde valnemnda si innstilling, og gjorde vedtak om attval.

7. Eventuelt – innkomne forslag.

Hans Ole opplyste at det ikkje var kome inn forslag til styret. Framtida. Årsmøtet gjekk deretter over til å drøfta framtida til Jåttlaget. Frå
valnemda har styret fått melding om at det ikkje er nye kandidatar som var viljuge til å ta på seg ansvaret som leiar i Jåttlaget. Jåttlaget har ei viktig oppgåva å ta vare på soga om korleis tysnesingane på ein framifrå måte markerte seg i Nordlandsfarten, med jaktebygging og som jåttseglarar i Amerika. Årsmøtet drøfta ymse modellar, m.a. tok møtet opp spørsmålet om laget bør drøfta med Tysnes kommune om kommunen bør stå for ( delar ) av denne viktige delen av tysnesingane si soge. Semje om at styret skal kalla inn til eit eige møte med personar som er interessert i Jaktefarten og jåttseglinga i Amerika, og om mogeleg finne ei ei løysing for drift i ei eller annan form. Å formidla denne soga til 10- klassingane er òg svært viktig i denne samanhengen. slik Sunnhordland Museum har signalisert.

Dugnad. Venelaget er beden om å male dei to langsidene på Flytenaustet. Styret harsvara -ja- til å vera med å male. Hans Ole og Olav skal organisere arbeidet.

Brosjyrar. Hans Ole tok Dalland tok opp spørsmålet om det er ønskjeleg med endringar i brosjyren som skal trykkjast opp i nytt opplag. Då må ein gje melding til Hans Ole.

Skriv. Frå Sunnhordland Amatørkulturråd låg det føre brev dagsett 25. februar 2019
med invitasjon om å delta i Sunnhordland Amatørkulturråd. Semje om å vente med å å ta stilling til denne saka.

Os, 27. april 2019
Kjell A. Lunde
sekretær

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *