Referat frå årsmøtet i venelaget.


Referat frå årsmøtet i venelaget 12. mai 2018 i ‘Tysnes bedehus.

Det møtte 6 medlemmer til årsmøtet.

  1. Opning. Leiar, Hans Ole Dalland, ønskte dei frammøtte velkomen til årsmøtet. Medlemmene song deretter Jåttsongen. Hans Ole opplyste at Jåttsongen no er oversett til engelsk.
  2. Val av møteleiar og referent.    Hans Ole Dalland vart vald til møteleiar, og Kjell A. Lunde til referent.
  3. Godkjenning av innkallinga og saklista. Ingen hadde merkander til innkallinga, Saklista vart deretter godkjend.
  4. Årsmelding.

Kjell las årsmeldinga.

Ingen merknader til årsmeldinga.

  1. Rekenskap.

Olav Kalgraf gjorde greie for rekneskapen. ( 31.12.2017)

Overskotet er på kr.10.066.12 mot kr. 6.572.86 i 2016

Utlegg til film , Pop up veggen og vitjinga av Juan Corradi er soleis ikkje med i den siste rekneskapen.

Det var ikkje merknader til rekneskapen.

  1. Saker som vart lagt fram på årsmøtet 24. mai 2017

Forslag frå Olaf Kalgraf: A) Medlemmer i Jåttlaget bør betale kontigent.

  1. B) Venelaget bør kjøpe seg inn i Flytenaustet.

Årsmøtet gjorde desse vedtaka:

A) Kontigent vert kr.200,- Evt. kr. 300.- for familier.

  1. B)  Saka vert å utsetje. Finansieringa er ikkje på plass.
  2. Val.

Styret i Jåttlaget har vore: Leiar Hans Ole Dalland

Nestleiar/sekretær Kjell A.Lunde

Kasserar Olav Kalgraf

Varafolk: Anders Bakke, Turid Teigland, John Johnsen

Revisor: Ingebjørg Hatteberg Valnemnd: Hans-Eivind Lande og Lars Petter Epland.

Etter vedteketene skal leiar, nestleiar/sekretær og kasserar veljast for 2 år, der vekselvis 1 og 2 er på val.

På årsmøtet var nestleiar/seketær og kasserar på val, og det øvrige varafolket.

Årsmøtet fylgde valnemnda si innstilling, og gjorde vedtak om attval.

 

  1. Eventuelt – Innkomne forslag.

Hans Ole opplyste at det ikkje er kome inn forslag til styret.

Hans Ole har fylt 70 år. Han vart på årsmøtet heidra med ei bokgåve- Oselvarboka,  frå venelaget.

Leiaren gav så ordet fritt.

Kasserar Olav Kalgraf opplyste at det etter vedtektene ikkje er trong for revisor i laget. Semje om å sløyfe bruk av revisor for ettertida.

Det vart elles ein del diskusjon om korleis ein skal skaffe nye medlemmer til laget.

Medlemskapet vert knytt opp mot betaling av kontigenten.

Jåttlaget har hatt stor aktivitet og utgifter i år i høve utstillinga i Amerika, Bristol New Port og  New York.

Det er difor  ønskeleg at medlemmene støttar laget, ved å betale kontigent  allereie for 2018.

 

VENELAGET FOR TYSNES JÅTTMUSEUM

 

 3525.22.46175

 

Beløp: kr. 200.- evt. kr. 300.-                                                                                             

  For 2019 vert kontigentbetalinga sendt ut saman med innkallinga.

Det vert elles vist til Årsmelding for 2017, som er vedlagt denne sendinga.

Os, 5. juni  2018

Kjell A. Lunde

sekretær

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *