Venelaget for jåttseglarane (skipa 3. februar 2009) har 45 medlemar. Fleire av desse har hatt fedre eller nære slektningar som mannskap og offiserar på jåttane. Sentralt i arbeidet er å rette merksemd mot tysnesingane si rolle i amerikansk yachtsegling og America’s Cup i perioden 1900–1940. I tysnesdialekten har «yacht» vore skrive som «jått». Tysnes har hatt stor utvandring til Amerika.
I utstillinga ynskjer også venelaget å visa korleis tilhøva var på Tysnes for om lag 100 år sidan, og kva for tilhøve som møtte tysnesingane i det nye landet. Sunnhordland Museum er ein viktig samarbeidspartnar. Museet er fagleg rådgjevar, og hjelp med sin kompetanse, mellom anna under arbeidet med utstillinga i flytenaustet. Etter utstillingsopninga har laget fått ny informasjon og tips om jåttseglarane, og nye objekt og effektar har dukka opp.
Jaattlaget.com fungerer som heimeside for Venelaget for Jåttutstillinga, og som formidlar av soga om dei mange tysnesingane som var mannskap på amerikanske jåttar (yachtar) i fyrste halvdel av det 20. århundre.
Informasjonen er forsøkt strukturert så logisk som mogleg, i menyen til venstre, som er bygd opp som seksjonar med ei hovudside og eventuelle undersider, der det har synt seg aktuelt.
Me vonar du får stor glede av nettstaden, og at me får gleda av å sjå deg på Jåttutstillinga (sjå denne sida for nærare informasjon om sjølve utstillinga, og våre opningstider).
Nettstaden er optimalisert for alle relevante plattformer, og gjer like stor nytte på mobiltelefonar, som på nettbrett eller PC.
Kjelder
Samtalar med jåttseglarar som deltok, og deira etterkomarar. Artiklar i amerikanske og norske aviser og tidskrift. Litteratur som handlar om seglsporten i USA i det aktuelle tidsrommet, korrespondanse med museum og seglforeiningar i USA, og nettstaden www.norwegiansteam.com, etter avtale med Kjell Magnus Økland.
Dei fleste bileta er kopiar av bilete som i dag tilhøyrer etterkomarar av jåttseglarane.