Gjennom nesten 50 år var nordmenn i fleirtal på båtane som tevla i America’s Cup og andre regattaer, svært mange av dei frå Tysnes. No har Venelaget for Tysnes Jåttmuseum laga ei oversikt over meir enn 100 av dei, og inviterer etterkommarar til å supplera med informasjon og bilete.
The Norwegian Steam vart dei kalla, og hausta stor respekt i internasjonale seglarmiljø. Det var Kjell Magnus Økland og Knut Arne Grøteide som sommaren 2001 først laga ei utstilling på Årbakka. Frå 2010 var utstillinga fast innslag i flytenaustet i Våge hamn, men held no hus i Tinghuset i Uggdal. Det er lagd ned eit stort detektivarbeid for å få oversikt over seglarane, men førebels har ikkje Jåttlaget oversikt over meir enn 105, berre tolv med foto. No ber dei publikum om hjelp.
Teksten fortset etter fotogalleriet (klikkbart, for større gjengjeving).
– Tanken har jo heile tida vore å ta vare på og spreia kunnskap om jåttseglarane, og der har nettstaden vår vore til uvurderleg hjelp. For Tysnes-samfunnet var lokale sjøfolk si deltaking mellom 1890-talet og 1940 av uvurderleg betyding. Ikkje minst fekk det mykje å seia for økonomien i mange Tysnes-familiar. Det er ei forteljing me kjenner det er viktig å ta vare på, fortel Hans Ole Dalland, leiar i Jåttlaget.
Treng informasjon og bilete
– Det er ingen andre i Noreg som har laga noko tilsvarande om desse sjøfolka, som òg kom frå Bømlo, Karmøy, Haugesund og Sørlandet, så det me har gjort på Tysnes er temmeleg unikt. Difor vil me formidla denne kunnskapen betre enn me alt har, og styret er djupt takksamt for arbeidet Kjell Magnus og Knut Arne har lagd ned.
Når Jåttlaget no går ut med utdrag frå mannskapslistene, gjer dei rekning med at spesielt etterkommarar av seglarane vil ha glede av det, men det er òg av historisk betyding for lokalsamfunnet generelt. Òg på den andre sida av «dammen».
Teksten fortset etter biletet (klikkbart, for større gjengjeving).
– Respons frå amerikanske etterkommarar har det ikkje mangla på etter at me lanserte nettstaden vår, men det viktigaste er kontakten me har fått med New York Yacht Club, meiner Dalland.
I samband med New York Yacht Club sitt 175-årsjubileum var Jåttlaget i 2018 og 2019 òg representert med ei eiga utstilling i Herreshoff Marine Museum, Rhode Island og New York Yacht Club, og banda til yacht-klubben har sidan vore nære og gode, ikkje minst med Juan E. Corradi, som er leiar emeritus i New York Yacht Club sin sjømannskap-komité. Han har vitja Tysnes ved to høve.
Teksten fortset etter biletet (klikkbart, for større gjengjeving).
– No treng me både meir informasjon og, ikkje minst, bilete av mannskapa som er lista opp, så me vil oppmoda alle som har noko å bidra til å vitja sida med mannskapene, der dei enkelt kan dela bilete og opplysingar, seier lagsleiaren.
Grundig detektivarbeid
Det omfattande detektivarbeidet til Kjell Magnus Økland og Knut Arne Grøteide er no systematisert og gjord tilgjengeleg for publikum, og det har teke si tid.
– No er det jo snart 25 år sidan me først fatta interesse for emnet. Me hadde jo berre høyrt litt her og litt der, men visste veldig lite om kva som hadde gått føre seg borti USA. Sidan me begge var interesserte i både seglsport og slekts- og lokalhistorie, byrja me så smått å danna oss eit bilete, forklarer Grøteide.
– Innleiingsvis brukte me eitt års tid på å innhenta informasjon, men registrerte aldri tida som gjekk med. Det resulterte i ei litt uferdig liste, som med åra har modna til det me no finn på Jåttlaget sin nettstad. Her har me ikkje minst hatt god nytte av Tysnes: gards- og ættesoge, som har vore til uvurderleg hjelp, kombinert med intervju med born av jåttseglarane, så vel som nokre av dei attlevande seglarane sjølv. Dei var til stor hjelp i identifiseringa av avbilda seglarar og båtar.
Dei to fann òg mykje hjelp i mikrofilmar frå den norsk-amerikanske avisa Nordisk Tidende på Universitetsbiblioteket i Bergen, som no er tilgjengeleg på nett.
– Det arbeidet held no fram med uforminska kraft, og me kjenner vel at me er på god veg, men det hadde vore storarta om nokon av dei som les dette kunne svinga innom for å studera listene – og kanskje supplera både informasjon og bilete, avsluttar Grøteide.
Legg igjen en kommentar