Skulebesøk i flytenaustet

Sesongen i flytenaustet er over, men før utstillinga blir vinterlagra, har alle 6. klassingane i kommunen fått omvising i utstillingslokalet og har fått læra litt om alle tysnesingane som var jåttseglarar i USA. Dette er eit tilbod som Venelaget gjev til dette klassesteget kvart år like etter at nytt skuleår har byrja. I år er det berre 6. klassingar ved Tysnes skule (to klassar).

Elevane var lydhøyre og synte god interesse for det dei fekk høyra og sjå, og dei oppførte seg svært fint. Nokre av dei hadde i sommar teke del i Njord/Tysnes si ”Sjøsportsveke ” og kunne fortelja at dei der hadde både segla, padla og drive med vassport. Fleire har foreldre, besteforeldre og slektningar som er aktive innafor oselvarmiljøet.  I ”skuletimen” fekk dei elles høyra og syngja med på ”Jåttsongen” til tekst av Anders Bakke og melodi av Kolbjørn Tvedt.

For Venelaget er det kjekt at elevane på dette alderssteget får læra litt om denne viktige og spennande biten i Tysnes si nyare lokalsoge. Det er viktig at dei unge tysnesingane får med seg denne kunnskapen.

Før elevane, assistentane og lærarane returnere til skulen, fekk dei servert ferske skulebollar, noko dei sette tydeleg pris på.

Klasse 1: Framme frå venstre: Randi Fotland, Emma T. Iversen, Erlend Hegglund, Karoline Støle og Kristine P. Opdal. 2. rekkja: Siren N. Sundal, Synne Dalland, Lillian Luth-Hansen, Pia Aasheim og HannaLangballe. 3. rekkja: Assistent Siv H. Schulstad, Marius Sjøbø, Daniel F. Hagen, Marius Haukefær og lærar Marita Lie Nesse.

Klasse 2: Framme frå venstre: William Raknes, John Antonio Kleppe, Nojus Sauseris og Daniel Bjoarvik.  2. rekkja: Assistent Merete Horne Hope, Tuva Røssland, Elena Metaj, Kristoffer Gjerstad, Mathias Bakke og lærar Eva Kalgraf. 3. rekkja: Marie Flygansvær, Sam van Schaik, Brita N. Austvik, Thea Sundal og Julia Rose B. Søreide.

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.