Den lokale soga engasjerte elevane

Ein dag i adventstida var alle sjetteklassingane i kommunen inviterte til Tinghuset. Der fekk dei sjå og høyra om mykje, og god mat vart servert.

Vertskap var Bygdekvinnelaget, Sogelaget og Venelaget for jåttseglarane. Dette tilbodet til sjetteklassingane er no blitt eit årleg opplegg, og tanken er å vidareføra det i åra framover. Dei tre laga ser det som viktig at dei unge får kunnskap om den lokale soga, som verkeleg er innhaldsrik og spennande.

I Tinghuset er det mykje å by på, og laga sitt inntrykk er at elevane er interesserte og har glede og nytte av tilbodet.

Teksten fortset etter bileta.

I løpet av «stunda» i den innhaldsrike storsalen fekk dei høyra orienteringar om utstillingane, dei fekk stilla spørsmål, løysa quizoppgåve, og dei rusla rundt i salen og studerte dei historiske skattane. Før dei reiste tilbake til skulen på Gjerstad, vart det tettpakka programmet toppa med eit godt måltid. Bygdekvinnene imponerte elevane og lærarane med nysteikte rundstykker med godt pålegg i rikelege mengder.

Som tidlegare år, når elevane har fått kunnskap om jåttseglarane, var det også denne gongen elevar som har tippoldeforeldre med fartstid i amerikansk seglsport i perioden 1900–1940. Elevane fekk med seg jåttlaget sin brosjyre, og elles vart dei oppfordra til å bruka laget sin nettstad for å skaffa seg meir kunnskap om jåttseglarane.


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.