New York Yacht Club ser til Tysnes


New York Yacht Club ser til Tysnes

Venelaget for jåttseglarane har fått ein spennande kontakt med det mest eksklusive  seglarmiljøet i USA.

Denne interessante kontakten er eit  resultat av ekteparet  Øyvind og Inger Straume Epland sitt besøk i New York Yacht Club under deira 14 dagar lange rundtur i USA i oktober. Under opphaldet var dei tre dagar i New York.

-Øyvind Epland ved roret på seglbåt under tur på Hudson River saman med tremenning Jo Ann Strathmeyer.

-Øyvind Epland ved roret på seglbåt under tur på Hudson River saman med tremenning Jo Ann Strathmeyer.

Kjærkomne brosjyrar og mannskapslister

-Før me reiste til USA, hadde me fått gjort avtale med den internasjonalt kjende storklubben om å få besøkja museet og møta bibliotekar Vanessa Cameron. At me fekk ”audiens ”der kan me òg takka Jo Ann Strathmeyer (Øyvind sin tremenning) for. Ho visste at me ynskte oss til   klubben og museet. Ho kjenner godt til America`s Cup og dei mange tysnesingane sine merittar i amerikansk seglsport. Strathmeyer er sjølv interessert i segling, og under besøk på Tysnes dei seinaste åra har ho sett jåttutstillinga i flytenaustet i Våge og montasjen i salongen til ”Selbjørnsfjord”, fortel Inger og Øyvind.

Til besøket i museet hadde dei med seg brosjyrar og mannskapslister  frå Venelaget, noko som var både populært og nyttig for museet si samling, for mannskapslister finst det ikkje så mykje av i arkivet.

Uventa og hyggeleg e-post

-Me fekk ei flott mottaking og følte oss som omtykte gjester. Det var stil over det heile. Der kunne me ikkje koma i dongeri. Bibliotekar Vanessa gav oss ei fin omvising og tok seg god tid til å prata og spørja om mykje relatert til jåttseglarane frå Tysnes. Det er eit imponerande innhaldsrikt  museum, fortel Inger og Øyvind vidare.

For dei var det elles artig at dei i New York trefte Paul Nelson og hans familie. Han er også tremenning av Øyvind. Yngste dotter hans heiter Amy (23 år). Ho er profesjonell seglar, medlem i New York Yacht Club  og kaptein på ein 60 fot stor seglbåt (no i Caribia).

Etter USA-turen har Inger, Øyvind og Venelaget fått ein hyggeleg e-post frå Juan E. Corradi. Han er Chairman of the Seamanship Committee of the New York Yacht Club og har også sentrale posisjonar i andre yachtklubbar, nokre  med nordisk tilknyting.

Stort jubileum

Han fortel at han har vorte informert av bibliotekar Vanessa om Inger og Øyvind sitt besøk i museet, og at han har fått brosjyrar og kunnskap om Venelaget sitt arbeid og utstilling. Corradi har òg studert  Venelaget si nettside. Han gjev uttrykk for at han er mykje begeistra for alt saman.

Vidare fortel Corradi at i 2019 skal New York  Yacht Club feira 175-årsjubileum med ei rekkje arrangement, utstillingar og festivitasar. I den samanhengen meiner han det er høgst aktuelt at Venelaget for jåttseglarane  frå Tysnes vert representert,  og at delar av utstillinga i flytenaustet vert transportert over til USA. Dette er nemleg noko som museet ikkje har  i si samling  og som vil vera viktig  og interessant dokumentasjon om norske og nordiske mannskap i amerikansk seglsport.

Sjølv har Corradi segla langs norskekysten, andre stader i Norden og Europa, noko han har skildra på utførleg vis i lange rapportar,  som Venelaget  har fått tilsendt. For Venelaget er dette ei svært gledeleg hending og skal  no drøfta initiativet frå Corradi og New York Yacht Club.

Tekst: Hans Ole Dalland

-Øyvind Epland utafor museumslokala til New York Yacht Club.

-Øyvind Epland utafor museumslokala til New York Yacht Club.

2 thoughts on “New York Yacht Club ser til Tysnes

  1. Har lest rapporten fra NY med stor interesse, og sendt dere kopi av det brevet jeg har sendt vedr. A,ericas Cup 2017 mm. Mvh Jan-Erik Sverre, som håper både artiklene og filmen til Leif Magnus Økland om Norwegian Steam kan oversettes til engelsk og bli ferdig til AC 2017 på Bermuda.

  2. Hei igjen. Er det mulig å finne ut om noen fra Norwegian Steam og Tysnes også har seilt som mannskap ombord i galeasen Loyal til Audun Hausberg, som dessverre måtte selge henne til Florø ?.
    Mvh
    Jan-Erik Sverre

Legg igjen en kommentar til Jan-Erik Sverre Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.