Årsmøte i Venelaget for jåttmuseum

Årsmøtet i Venelaget for Jåttmuseum vert halde i Tysnes bedehus laurdag 10. mai 2014 kl. 17.00

Saksliste

  1. Opning
  2. Val av møteleiar og referent
  3. Godkjenning av innkalling og saklista
  4. Årsmelding
  5. Rekneskap
  6. Val

Styret i år har vore:

Leiar: Hans Ole Dalland
Nestleiar/sekretær: Kjell Arthur Lunde
Kasserar: Olav Kalgraf

Varafolk:

Anders Bakke
Turid Teigland
John Johnsen

Revisor: Egil Lande
Valnemnd: Lars Petter Epland og Hans-Eivind Lande

Styret består av 3 medlemmer. Leiar, nestleiar/sekretær og kasserar. Desse skal veljast for 2 år, der vekselvis 1 og 2 er på val. For 2014 er nestleiar/sekretær og kasserar på val. Dei andre tillitsvalde skal veljast kvart år.

Eventuelt – innkomne framlegg

Eventuelle saker som skal handsamast på årsmøtet vert å senda til leiar Hans Ole Dalland 8 dagar før årsmøtet.

Tysnes, 22. april 2014

Vel møtt!

Helsing styret


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.