Jåttutstillinga

Jåttutstillinga i Tinghuset i Uggdal.

Utstillinga i flytenaustet i Våge på Tysnes vart opna med eit arrangement i gjestehamna i juni 2010, og har om somrane seinare vore godt besøkt.

Jåttutstillilng i flytenaustet
Jåttutstillinga, då ho låg i flytenaustet i Våge.

No er utstillinga flytta til «Tinghuset» i Uggdal. Dette huset har blitt eit kulturhus, der også sogelaget og bygdekvinnelaget har fine utstillingar. I fellesskap blir det gjennom året arrangert ulike samkomer og tilstellingar, m. a. med opplegg og omvisingar for skuleelevar. Utstillingane kan sjåast etter avtale. Kontakt mobil +47 975 96 231.

Utstillinga viser soga om tysnesingar som utvandra til USA og vart profesjonelle mannskap på amerikanske kapp- og turseglbåtar i tida mellom 1900 og 1940.

Utsnitt fra utstillinga i Uggdal.

Utstillinga syner berre ein liten del av den spanande historia om jåttseglarane, og er laga av Venelaget for Jåttutstillinga, i samarbeid med Sunnhordland Museum, og byggjer hovudsakleg på informasjon samla inn av Kjell Magnus Økland og Knut Arne Grøteide, til ei utstilling dei laga, og som vart vist på Årbakka sommaren 2001.

Venelaget ynskjer å halda fram med å samla inn gjenstander, bilete og historier. Til det treng me hjelp me kan få av publikum i det vidare arbeidet. Bruk gjerne nettstaden si kontaktside til dette, så tek me kontakt.

Skrive i gjesteboka om utstillinga i flytenaustet:

Imponerende samling – resultat av et stort arbeid. Interessant og lærerikt å se detaljer fra The Norwegian Steam-eventyret. Utstillingen er inspirasjon til NSFs Norsteam-prosjekt.

— Peter L. Larsen, president i Norges Seilforbund (august 2010)

Meget imponerende utstilling.

— Arne Emil Christensen, m.a. ansvarleg for Vikingskipmuseet på Bygdøy i perioden 1990–2006

Flott museum og spennende historie!

— Seilmaker Peter Høeg, Drammen