America’s Cup er ein evigvandrande pokal, som skal seglast om to båtar frå to seglforeningar, som representerer to ulike nasjonar.
Det heile vert innleia med at det vert sendt ei utfordring til førre gongs vinnar av seglasen, om å tevla om pokalen i ein serie seglasar.
Dinest fylgjer forhandlingar kring kva båttype det skal seglast med, farvatn, tidspunkt, og kor mange seglasar som skal inngå i serien.
Seglasane går føre seg på bane, og det vert segla eitt løp per dag.
Kjelde: www.norwegiansteam.com