Unike opptak frå «Resolute» i 1926

Knut Arne Grøteide har arbeidd lenge med å kartleggja jåttseglarar frå Tysnes. I samband med dette arbeidet kom han nyleg over dette videoklippet, frå ein yacht mange tysnesingar stifta inngåande kjennskap til.

Det er tale om ein amatørfilm frå eit cruise med vener og familie ombord på Nathanael Herreshoff sin «Resolute», frå Mattapoisett, Massachusets til Newport, Rhode Island i 1926. Klippet er eit utdrag frå ein lengre film, med opptak av segling, tennis og andre aktivitetar i Mattapoisett Yacht Club det året. Du finn videoklippet under.

Ser du kjende?

Av det me kjenner til, var følgjande tysnesingar gjennom åra mannskap ombord på «Resolute» (namn i parentes nytta i USA):

Knut Berentin Bruntveit (Ben/Bernt Bruntvedt, Knute Bruntweth), Knut Martin Jacobsen Dalland (Martin Dalland), Kolbein Teodor Jakobsen Dalland (Teddy Dalland), Bernt Akselson Ersvær (Ben Axelsen), Gunnar Olson Gjerstad (Gust Olsen), Gustav Teigland Gunderson (Gust Gunderson), Ole Teigland Gunderson, Torbjørn L. Humlevik (Teddy Lawrence Humlevik), Hans Martin Henrikson Kjærefjord (Hans Lande), Karl Andreas Kristoffersen, Anders Andersen Malkenes (Andrew Anderson), Hans Andersen Malkenes, Johannes Anderson Malkenes (John Andersen), Hans Tobias Torbjørnson Meland, Gunnar Nilsen, Martin Andreas Nilsen, Karl Teigland (Carl Gundersen), Rasmus Gunderson Teigland, Mads S. Vee, Engel Vaage (John Christensen).

Dreg du kjensel på nokre av dei?

Du finn nærare informasjon om mannskapa frå Tysnes her.

Video (og skjermdump nytta øvst i saka) frå IYRS School of Technology & Trades


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.