I soga om America’s Cup står segling med båtane i J-klassen som eit høgdepunkt. Samstundes var det høgdepunktet for The Norwegian Steam – tysnesingane og deira ry som mannskap i verdsklasse.
J-klassen er av mange rekna mellom dei vakraste seglbåtane som nokon gong er bygde. Dei smekre linjene og sjømannskapet som skal til for å segla dei fascinerer den dag i dag.
1930-talet var stordomstida. Frå 1930 vart båtane som skulle segla om America’s Cup bygde etter nye retningsliner for å gjere dei meir standardiserte og moderne – J-klassen oppstod. Den mest synlege skilnaden frå klassen før var at den fekk bermuda-rigg, medan den førre var gaffelrigga. Den siste båten som vann America’s Cup i klassen før var «Resolute» i 1920. Her var ein tredel av mannskapet frå Tysnes, med Engel Vaage som 1. styrmann og Gunnar Gjerstad som 2. styrmann. Ryet til «The Norwegian Steam» var altså godt etablert då båtane i den nye klassen skulle bemannast.
Ein kort men strålande æra
Ein J-båt skulle vera mellom 76 og 87 fot (23-26,5 m) i vannlinja og ha samla lengd på mellom 120 og 135 fot (36,5-41 m). Masta var over 50 meter høg og bar ei seglføring på nesten 700 m2. I tillegg kom spinnaker, som kunne ha inntil det doble arealet. Eit mannskap på om lag 25 måtte til for å segla desse farkostane. Ti J-båtar vart bygde på 1930-talet, seks i USA – Enterprise, Weetamoe, Whirlwind, Yankee, Rainbow og Ranger – og fire i Storbritannia – Shamrock V, Velsheda, Endeavour og Endeavour II. I tillegg vart nokre eldre båtar bygde om til J-klasse: I USA Vanitie og Resolute, i Storbritannia White Heather II, Britannia, Astra og Candida. På denne tida var det berre desse to landa som tevla om America’s Cup, som dette tiåret vart skipa til i 1930, 1934 og 1937. «The Auld Mug», som er pokalen sitt kjælenamn, er verdas eldste eksisterande idrettstrofé. Det har namn etter yachten America som vann det som vert rekna som den første seglasen i 1851. Amerikanarane har dominert sidan starten og det skulle gå heile 132 år før sigersrekka vart broten. I 1983 tok ein australsk båt endeleg heim det evigvandrande trofeet til ein annan nasjon.
J-båtane tevla berre i åtte år. Etter America’s Cup i 1937 var det slutt. Andre verdskrigen sette ein brå stopp for eventyret, og innan 1940 var fleire av dei hogde opp for å skaffa stål og bly til krigsmateriell. Andre vart liggjande som vrak. Men i seinare år har klassen fått sin renessanse, skal me sjå.
Verdas dyraste hobby
Å få bygd, bemanna og segla desse farkostane var ikkje for kven som helst. I dagens pengar ville det kosta kosta mellom 10 og 20 millionar USD (100-200 mill. kroner) å byggja ein J-båt og 3 millionar USD (30 mill. kroner) i året å driva den. Ikkje utan grunn er det kalla verdas dyraste hobby. I boka «Enterprise to Endeavour» (Ian Dear, 2004) er det referert til ei utsegn i ein diskusjon om den svimlande kostnaden: «Dersom nokon spør kva det vil kosta å drive yacht-segling, er svaret at vedkomande ikkje har råd til det.» Det seier også sitt at den kanskje mest kjende amerikanske industri-magnaten på denne tida, Harold S. Vanderbilt, stod i spissen for bygginga av alle dei tre båtane som vann America’s Cup på 1930-talet: Enterprise (1930), Rainbow (1934) og Ranger (1937). Dette var berre for dei super-rike, og stod i grell kontrast til dei harde tidene mange måtte tole under depresjonen.
Desto meir velkomne var inntektene for mannskapet som fekk hyre på båtane. Det kan ein lesa om i ein artikkelserie om The Norwegian Steam som stod på trykk i Seilmagasinet våren 2005, ført i pennen av Kjell Magnus Økland. Her intervjuar han mellom andre Olav Lunde, som var mannskap på slepebåten til Whirlwind i 1930. «Me som fekk arbeida med kappsegling var jo storheldige», fortel han. «Det var jo topp betaling, og på byrjinga av 30-talet var det jo depresjon og veldig dårlige tider. Men faktisk var det slik at dei harde 30-åra var ikkje fullt så harde på Tysnes, sidan det kom inn mykje pengar via seglinga i USA», minnest Olav Lunde.
Fleire tysnesingar på vinnarbåtar
America’s Cup vert segla mellom berre to båtar, ein frå kvar nasjon – såkalla match racing. På 30-talet gjekk tvekampen om trofeet føre seg utanfor Newport, Rhode Island på nordaustkysten av USA. For å avgjere kva båt som fekk delta, vart det segla kvalifiserings-regattaer. The Norwegian Steam – med tysnesingar i spissen – utgjorde ein stor kontingent på dei amerikanske båtane (sjå mannskapslista her på nettsida). Mange reknar dette som ei viktig årsak til at amerikanske båtar dominerte på 30-talet. Fleire tysnesingar var med å vinna trofeet. Knut Berentin Bruntveit frå Reksteren var på vinnarbåten i alle tevlingane på 30-talet – med Enterprise i 1930, Rainbow i 1934 og Ranger i 1937. På Enterprise i 1930 var fleire med: Torbjørn Hansson Heie, Lars Andreas Hope, Olai L. Hope, Torvald Berntin Hope og Wilhelm A. Hope. På Rainbow i 1934 var også Gunnar Henning Færevåg (sjå nedanfor), Karl Martin Lunde og truleg også Sverre Mollevik med. På Ranger i 1937 var Karl Martin Lunde og truleg også Arne Jensen med.
Men det kunne fort vorte fleire troféfvinnarar frå Tysnes. Ved uttaket i 1934 var Yankee – «Tysnesbåten» framom alle – berre eitt fattig sekund frå å sigra over Rainbow. Denne dramatikken kan ein lesa om i andre artiklar på Jåttlaget sine heimesider.
Då Vanderbilt gjekk under dekk og Rainbow vann
I den før nemnde artikkelserien i Seilmagasinet har Kjell Magnus Økland intervjua Gunnar Henning Færevåg (1913-2008). Gunnar var ein av dei siste attlevande som kunne fortelja direkte om opplevingane om bord, og var altså mellom tysnesingane som var med å vinna America’s Cup. I tevlinga i 1934 låg Rainbow dårleg an mot britiske Endeavour etter dei første seglasane, fortel han. «Etter at me hadde tapt dei to første løpa var alle nedfor og særskilt Vanderbilt. Då me låg så langt bak fekk Sherman Hoyt 1 kommandoen. Deretter sa Vanderbilt at me ikkje skulle høyre meir på han. Så gjekk han under dekk for å eta lunsj», minnest Gunnar. Rainbow vann dei fire neste seglasane og sikra at «The Auld Mug» nok ein gong vart verande på amerikanske hender.
1 Sherman Hoyt var ein legendarisk yacht-skipper og superstjerne i seglverda i mange tiår.
Ranger overlegen
Til tevlinga i 1937 var det innført eit justert reglementet som kravde at riggen skulle vega minst 2,9 tonn. Den auka dimensjonen skulle forhindra dei mange mastehavaria J-båtane vart utsett for, ikkje minst i seglasane i britiske farvatn i 1935 (The British Big Class Season). Det råka mellom andre Yankee, ei hending me har skrive om tidlegare på Jåttlaget sine nettsider. Til det som skulle verte den siste America’s Cup segla med J-båtar hadde Harold Venderbilt fått bygd ein ny båt som fekk namnet Ranger. Den skulle visa seg å vera svært rask, og vann uttaket overlegent mot Yankee og Rainbow. I sjølve konkurransen, der engelskmennene stilte med Endeavour II, var Ranger like suveren og vann alle fire seglasane.
«Eg vart spurd om å vera med på Ranger, men eg likte meg på Rainbow så eg takka nei» fortel Gunnar Henning Færevåg til Kjell Magnus Økland. «Eg trudde me hadde sjanse til å vinna med Rainbow. Så feil kan ein ta».
J-klassen seglar vidare
Som nemnt vart dei fleste J-båtane hogde opp då andre verdskrigen braut ut. På 1980-talet fanst det berre tre båtar att, alle britiske: Shamrock V, Endeavour og Velsheda. Men hjå fleire seglentusiastar brann det ein lidenskap for desse unike farkostane, og på 80-talet starta arbeidet med å setje båtane i stand. I 2001 vart det arrangert ein regatta rundt Isle of Wight mellom desse tre. Det skjedde som ledd i feiringa av 150-års-jubileet for America’s Cup. I år 2000 vart foreininga J Class Association etablert, og interessa skaut endå meir fart då ein replika av Ranger vart sjøsett i 2004. Fleire kopiar og nydesigna båtar har sidan kome til, og J-klasse-foreininga har skipa til regattaer både i Newport i USA, i Falmouth og Cowes på den britiske sørkysten, og fleire stader i Middelhavet. I 2017 talde flåten ni J-båtar: Endeavour, Hanuman, Lionheart, Rainbow, Ranger, Shamrock V, Velsheda, Topaz og Svea. I 2024 vart det arrangert fleire regattaer der Rainbow, Velsheda og den nybygde svenske Svea deltok. Nye tevlingar er planlagde for 2026.
Dei praktfulle J-båtane seglar vidare.

då Rainbow vann kampen om å forsvara America’s Cup i 1934 med eitt fattig sekund.

Største synlege skilnaden var gaffelriggen mot J-klassen sin bermudarigg. Ein tredel av
mannskapet var frå Tysnes, med Engel Vaage som 1. styrmann og Gunnar Gjerstad som 2.
styrmann.

stuert om bord. Yankee var den einaste amerikanske J-klasse-båten som kryssa Atlanteren.
Foto: Beken of Cowes.

Bakerst heilt t.v. Ole Søreide. I midtre rad frå venstre: Nr. 1 Ingebrigt Simonsen Malkenes,
nr. 2 Magnus Larsen, nr. 4 Lars Myrdal, lengst t.h. Lars Henrik Hagestad. Fremst: Nr. 4 Olav
Lunde, nr. 6 Arthur Bakke. Bak Olav Lunde står Lars Sigurd Henrikson Lunde.

med J-båtar.

Velsheda, Svea og Rainbow om teten utanfor Barcelona i 2024. Dei svarte karbon-segla yter
betre, gir mindre gjenskin for mannskapet og vært også rekna som «kule». På 30-talet ville
ein nok stussa. Foto: J Class Association.
Kjelder:
Kjell Magnus Økland: Soga om The Norwegian Steam, Seilmagasinet, 2005
Ian Dear: Enterprise to Endeavour – The J Class Yachts, 2004
Earl Boebert: YANKEE: The most astonishing J, The Classic Yacht Symposium 2010
J Class Association
Wikipedia


Legg igjen en kommentar