Årsmelding for 2017

( i perioden 24. mai 2017 – 12. mai 2018 )

Styret har vore: Leiar Hans Ole Dalland

Nestleiar/sekretær Kjell A. Lunde

Kasserar: Olav Kalgraf

Varafolk: Anders Bakke,Turid Teigland, John Johnsen

Revisor:  Ingebjørg Hatteberg                 Valnemnd: Hans – Eivind Lande og Lars Petter Epland

 

Årsmøtet for 2016 vart halde 24. mai 2017 i Tysnes bedehus.

Det møtte 8 medlemmer til årsmøtet.

Etter vedtektene skal leiar, nestleiar/sekretær og kasserar veljast for 2 år, der vekselvis 1 og 2 er på val.

Dei andre tillitsvalde skal veljast kvart år. På årsmøtet i 2017 var leiar/ varafolket / revisor og valnemnda på val.

Egil Lande hadde sagt frå seg attval som revisor. Som ny revisor valde årsmøtet Ingebjørg  Hatteberg.

Leiar og dei andre tillitsvalde vart attvalde.

 

Litt om arbeidet i venelaget:

Som vanleg hadde venelaget gaider på plass under Tysnesfest. Det viser seg at nokre av dei frammøtte også  nyttar høvet om laurdagen til å vitje flytenaustet for å sjå utstillinga, og få informasjon.

Også den årlege vitjinga til 6. klassingane er populær. Borna  er interesserte, og dei spør mykje. Og så er dei flinke til å syngje Jåttsongen.

 

På årsmøtet 24. mai 2017, gjorde Hans Ole greie for korrespondansen med Juan Corradi, New York Yacht Club. Klubben skal om litt feire 175 års- jubileum. I den anledning er jåttlaget beden om å bidra med gjenstandar og film.Etter kvart som me byrja å arbeide med denne oppgåva, viste det seg at ho vart for stor  å løyse for styret, dersom vår del av utstillinga skulle løysast på ein profesjonell måte. Styret tok kontakt med Sunnhordland Museum for å be om hjelp. Dei ønskte å hjelpe, men dei hadde ikkje  folk  å avstå til vårt arbeid. Men dei kunne gi råd.Slik situasjonen utvikla seg, måtte laget be om profesjonell hjelp.

Då me tidlegare har fått  god hjelp av Jarle Petterson til å lage ei  nettside, ba me om Petterson kunne ta på seg denne oppgåva òg. Styret møtte Jarle Petterson 20. februar 2018 i Kulturstova, Lundegrend. Styret la fram saka, med spørsmål om Petterson kunne ta på seg oppgåva. Dette var han positiv til. Me vart då einige om rammene for  filmen. I tillegg meinte Jarle at ein Pop up vegg, ville gi god informasjon om jåttseglarane.

Styret gjorde vedtak om å bestille filmen. Når det  galdt veggen, ønskte styret at Jarle Petterson skulle arbeide med dette prosjektet, og at styret skulle syte for å få sponsorar. No har det lukkast å få Tysnes Kraftlag og Tysnes Sparebank som sponsorar. Styret fekk i oppdrag å skaffe tekstar, stillfotos, og å kjøpe inn to filmar.

Jarle Petterson har hatt god kontakt med New York Yackt Club ved Juan Corradi, og med Hereshoff Marine Museum/ America`s Cup Hall of Fame.

Etter det vart kjent at Corradi sjølv ville koma til Tysnes for å hente filmen og gjenstandar, vart det naudsynt for styret å lage program og å førebu  gjestinga. Juan Corradi kom til Noreg måndag 21. april. Frå styret møtte Kjell. Vidare møtte  Jan – Erik Sverre, jåttseglar frå Bergen. Sverre hadde invitert  Juan Corradi til å bu hos han i to dagar, for å sjå byen Bergen, og å vitje diverse museum.

Onsdag reiste Corradi, Sverre og redaktør for Skipsrevyen, Sigbjørn Larsen,  til Tysnes. I Våge vart dei ønskt velkomen av leiar  Hans Ole, og dei øvrige i styret.Etter å ha vitja Flytenaustet, gjekk turen til Mandelhuset for lunsj. Her møtte også Leif Teigland og Jarle Petterson. På Mandelhuset  fekk me  sjå premiere på filmen vår, The Norwegian Steam,

Torsdag tok Hans Ole, Juan Corradi med seg til Stord, der Corradi fekk  vitja Sunnhordland Museum og Stord Maritime Museum. Fredag reiste Juan Corradi til Os. Kjell henta Corradi på Halhjem, og saman med Knut Arne vitja me Oselvarverkstaden.

Laurdag henta Kjell gjesten, og saman køyrde me først til Lyse kloster. Her venta ein gaid, som fortalde soga om klosteret og klosterlivet. Deretter vart Corradi  køyrd til Flesland Flyplass.

Dei som møtte Juan Corradi gav alle uttrykk for at han var  ein kunnskapsrik, interessert og vennleg representant for New York Yacht Club.

Styret ser det som ei stor ære å få vise fram soga om jåttseglarane frå Tysnes i  tre byar i Amerika, Bristol, New Port og New York. Det er ikkje så mange i Noreg som har fått ei slikt tilbod.  Med seg til New York frå Jåttseglarutstillinga hadde Juan Corradi uniformar til tre dokker, nokre gjenstandar som jåttseglarane hadde laga, og filmen The Norwegian Steam.

Pop up veggen er no også ferdig.

Det er Fjord 1 som har fått konsesjon på ferjesambandet Våge – Halhjem. Kjell har vore i kontakt med Fjord 1.  Han har fått lovnad om at venelaget skal få  føre vidare  montasjen laget har montert i salongen på «Selbjørnsfjord»,  til den nye ferja. Ferja er under bygging, og salongen vert ferdig i slutten av juli månad i år.  Salongen vert oppe, og montasjen kan ikkje bli samanhengande, slik som på «Selbjørnsfjord». Kjell er beden om å ta kontakt med Fosen- Namsos, for  å få til ein avtale om flytting av eksisterande montasje.

På årsmøtet 24. mai 2017, tok Olav Kalgraf opp spørsmålet om å betale kontigent til Jåttlaget, og om at laget bør kjøpe seg inn i Flytenaustet. Styret har handsama desse to sakene. Dei gjorde vedtak om at kontigenten vert kr. 200.- for året. Vidare gjekk styret inn for å utsetje saka om å kjøpe seg inn i Flytenaustet, då finansieringa ikkje er på plass.

Det er årsmøtet som skal avgjere desse sakene.

Styret må elles seie seg glade for den økonomiske hjelpa me får frå Tysnes kommune, med eit årvisst tilskot på kr. 12.000.-

Laget har 37 medlemmer.

Tysnes, 7. mai 2018

For Venelaget for Jåttmuseum

Hans Ole Dalland                       Olav Kalgraf                                   Kjell A. Lunde


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.