Nyhende

Godt samarbeid med Sunnhordland museum

Venelaget for jåttseglarane frå Tysnes hadde i sommar besøk av tilsette ved Sunnhordland museum. For Venelaget har museet heilt sidan laget vart skipa i 2009 vore ein viktig samarbeidspartnar. Museet  er fagleg rådgjevar og har med sin  kompetanse m. a. gjeve god hjelp under oppbygginga av utstillinga i flytenaustet i Våge. Den har mange sunnhordlendingar […]

Referat frå årsmøte 2016

                Referat frå årsmøtet 16. april 2016 i Tysnes bedehus Det møtte 8 medlemmer til årsmøtet. 1. Opning. Leiar i venelaget, Hans Ole Dalland, ønskte medlemmene velkomen til årsmøtet. Som vanleg song dei frammøtte Jåttsongen. Teksten er av Anders Bakke med melodi av Kolbjørn Tvedt. 2. Val av […]

Årsmøte

 VENELAGET FOR JÅTTMUSEUM Årsmøtet i Venelaget for Jåttmuseum vert halde i Tysnes bedehus laurdag 16. april 2016 kl.17.00 SAKLISTE: Opning Val av møteleiar og referent Godkjenning av innkalling og saklista Årsmelding  Rekneskap  Val Styret har i år vore: Leiar: Hans Ole Dalland Nestleiar/sekretær: Kjell Arthur Lunde Kasserar: Olav Kalgraf Varafolk: Anders Bakke, Turid Teigland, John Johnsen Revisor: […]

New York Yacht Club ser til Tysnes

New York Yacht Club ser til Tysnes Venelaget for jåttseglarane har fått ein spennande kontakt med det mest eksklusive  seglarmiljøet i USA. Denne interessante kontakten er eit  resultat av ekteparet  Øyvind og Inger Straume Epland sitt besøk i New York Yacht Club under deira 14 dagar lange rundtur i USA i oktober. Under opphaldet var […]

Skulebesøk i flytenaustet

Sesongen i flytenaustet er over, men før utstillinga blir vinterlagra, har alle 6. klassingane i kommunen fått omvising i utstillingslokalet og har fått læra litt om alle tysnesingane som var jåttseglarar i USA. Dette er eit tilbod som Venelaget gjev til dette klassesteget kvart år like etter at nytt skuleår har byrja. I år er […]