Engelsk nettstad på plass!


Etter nokre månaders førebuingar, og få veker etter lansering av nettstaden, har Jåttlaget gleda av å lansera den engelske utgåva offisielt, sjølv om somme nok har hatt kjennskap til ho i nokre dagar.

Det er ei kjend sak at mange av jåttseglarane sine etterkommarar bur på den andre sida av Atlanteren, og ikkje lenger meistrar forfedrane sitt språk. Jåttlaget har òg eit utstrakt samarbeid med seglklubbar med vidare i utlandet, som på denne måten får tilgang på informasjonen Jåttlaget sit med, samstundes som me har ei von om at den engelske utgåva kan bidra til at ny informasjon tilflyt Jåttlaget og tysnessamfunnet.

Me feirar hendinga i det små, med ei oppmoding om å dela adressa med utlendingar du trur kan vera interessert i jåttseglarane eller Tysnes. Så langt me veit, er dette nemleg den einaste historiske nettressursen om Tysnes på engelsk. Me ville setja stor pris på om du delar nettstaden med utanlandske vener, kjenningar og slekt. Og her er adressa:

jaattlaget.com/en/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.